Tradisjonen lever i Ålvundfjord - les historia om «Ulvundfjordens Missionsforening»

Frå auksjonen i 2010: Ein god prat rundt kaffebordet høyrer med når ein samlast. Frå venstre Odin Hals, Ola Hals, Aksel Ulvund, Tore Ulvund og Aud Halset. I bakgrunnen er det Bjørn Hovde og Knut Harald Drøpping som har ansvaret for kaffesalet.foto: Ingunn Karijord

Frå auksjonen i 2010: Ein god prat rundt kaffebordet høyrer med når ein samlast. Frå venstre Odin Hals, Ola Hals, Aksel Ulvund, Tore Ulvund og Aud Halset. I bakgrunnen er det Bjørn Hovde og Knut Harald Drøpping som har ansvaret for kaffesalet.foto: Ingunn Karijord

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Misjonsauksjonen i Ålvundfjord er ein slitesterk tradisjon som skriv seg heilt tilbake til 1866, da «Ulvundfjordens Missionsforening» vart starta.

Fredag 3. februar er det klart for ny auksjon på Furulia bedehus. På auksjonen i år blir det song av Ålvundeid barnekor, som også har med songarar frå Ålvundfjord. Mali-misjonær Janne Bjune kjem på besøk, og auksjonarius er Nils T. Ulvund.

Under 125-årsjubileet i 1992 heldt lokalhistorikar Odin Hals eit glitrande foredrag om historia til «Ulvundfjordens Missionsforening». Oversynet viser at foreninga vart starta 2. desember 1866 på Brekkå. Andre organiserte lag og foreningar fantes ikkje i Ålvundfjord på den tida.

Dokumentet til Odin Hals er omfattande, og ein av dei som er aktive i foreninga i dag, Arne Drøpping, meiner det fortener å kome fram i lyset på nytt. Aura Avis har tenkt å imøtekome dette ønskjet, og legg difor heile foredraget som vart halde på jubileumsfesten i 1992 ut på nettavisa. Her er Odin Hals si historie om «Ulvundfjordens Missionsforening»:

«ULVUNDFJORDENS MISSIONSFORENING» 125 ÅR. Odin Hals 1992

Den 2. desember 1866 vart «Ulvundfiordens Missionsforening» oppstarta på Brekkå. Så vidt eg veit fanst det ikkje noko organiserte lag og foreningar i Ålvundfjorda før den tid.

Kven som først kom med ideen om å sette i gang med ei misjonsforening her i bygda, veit vi ikkje. Men vi veit kven som kom med i det første styret, og sannsynlegvis var det dei som var drivkreftene.

Dei første styremedlemmene var ein ung gardbrukar, ein medalders skulemeister og ein husmannsgut som var gardsarbeidar av yrke.

Før eg nemner meir om desse føregangsmennene, kan det vera interessant å spørje: Kvifor var akkurat misjonsforeninga det første organiserte laget her i bygda?

Eller kanskje vi først skal snu litt på spørsmålet: Kvifor kom det ikkje i gang nokor misjonsforening før i 1866?

Da må vi prøve å forestille oss korleis tilhøva var her på midten av 1800-talet:

  • Ålvundfjorden var ei jordbruksbygd med eit par og tjue gardsbruk, og litt over 30 husmannsplassar.
  • Bygdafolket levde i sjølbergingshushald. Det fanst f.eks ikkje butikk i bygda enno.
  • Det var lite med reising og flytting. Utvandringa til Amerika hadde ikkje begynt enno. Folk hadde lite kontakt med omverda, sammenlikna med i dag.
  • Vanlege framkomstmiddel var robåten, seglbåten og hesten, men først og fremst føtene. Vegstellet var dårleg utbygd. Mellom Rykkjemsnessa og Nesslanda, og mellom Halså og Drøppingstrand fanst berre smale gangstigar. Derfor for neslandingane og drøppingstrandingane oftere over fjorden åt Stangvikjen og Nordvik, enn inn i Ålvundfjorden.
  • Arbeidsdagane var lange, og arbeidet var gjort med handmakt og hestmakt. Redskap og utstyr var av eldgammelt merke. Folk hadde lite fritid, og dermed lite overskott til å drive med lagsarbeid.
  • Bøker og aviser var sjeldne å sjå. Unntaka var Bibelen, salmebok og andaktsbok, som fanst i mange heimar. Og somme hadde Snorres kongsoger.
  • Men bygdafolk flest hadde dårleg øving i å lese, og enda mindre øving i å skrive. Dei som var vaksne i 1866, hadde ikkje anna skulegang bak seg enn nokre få vekers omgangsskule kvar vinter i seks-sju år i oppveksten, og nokre veker med komfirmasjonsundervisning. (Enkelte hadde kanskje gått på landbruksskulen som låg på Rykkjem i åra 1858 -1863).
  • Folk var lite opplyste, og lite vant med møteteknikk, papir og protokollar. Dei fleste forstod seg ikkje på å drive med lagsarbeid.
  • For ålvundfjordingande og andre stangvikgjeldingar, var Stangvik-kyrkja viktigaste samlingspunktet og det fremste forsamlingshuset. Kristendomen stod sterkt i det gamle bondesamfunnet.
  • Det gamle bondesamfunnet var stabilt og tradisjonsrikt – eller tradisjonsbunde, alt etter korleis du ser det. Og det fanst ikkje tradisjon for å drive med foreningsliv.

Alt som eg har nemnt, gjer det forståeleg at det ikkje fanst noko organisert lagsliv her i bygda , før uti 1860-åra.

Men kvifor kom det så i gang eit lag nettopp no i 1860-åra? Og kvifor vart det akkurat ei misjonsforening?

Sjølv om det gamle bondesamfunnet var stabilt, så var det visse endringar på gang. Tida sto ikkje heilt stille.

Det var nettopp no på midten av 1800-talet, at den nye tida var i ferd med å bryte fram. Det som skulle føre fram til pengehushald, meir handel, tekniske framsteg, industrialisering, nye yrke, flytting osv. Rett nok skjedde endringane sakt, sakte, men likevel.

Nokre år førut, i 1858, hadde dampbåten begynt å stime etter nordmørsfjordane. Han la attåt bl.a. uti Rykkjemsnessa. Samtidig segla stadig fleire frakteskuter etter fjordane. Ei ny yrkesgruppe av skipperar og sjømenn, var i ferd med å vakse fram. Rett nok brukte frakteskutene segl på gammeldags vis, men dei vitna likevel om ei ny tid i emning. Ei tid med meir handel, meir pengehushald, meir flytting og fart. Og i 1865 hadde Stangvik Sparebank opna sine første spare- og lånekonti uti Stangvikjen.

Den gamle omgangsskulen var på veg ut. I 1860-åra hadde det vorte fast skule i Åustistu’n på Ålvund og i Innigarda på Drøppingå. Men ungane på Neslanda hørte med til Stangvik skulekrets, og Sørlandet (Sesbøen og Mulvika) hørte med til Åsprong krets.

Kristendomskunnskap var framleis det viktigaste faget i «almueskolen», men nye fag var på veg inn i tillegg, (historie, geografi, naturfag).

Om kring 1860 hadde det vore landbruksskule på Rykkjem, som rett nok måtte flyttast etter få år, fordi nordmøringane var så gammeldagse at dei såg ikkje noko meining i å gå der. Men likevel var landbruksskulen eit varsel om nye tider.

Sakte men sikkert, heldt folk på å bli meir opplyste. Og opplysninga førte til at nye synspunkt vart kjent, til meiningsbrytningar og diskusjonar om ymse emne, deriblant ikkje minst om religion og moral, kva som var rett kristen tru og livsførsel, og kva ein ekte kristen plikta å drive med, f.eks misjonsarbeid.

Slike spørsmål opptok mange, både fordi kristendomen sto sterkt frå gammelt av, og fordi den nye tida gav næring til meiningsbrytningar og ettertanke.

Kristendommen sto som sagt sterkt. Vel og merke sterkt i den forstand at folk flest trudde på Gud og det som sto i Bibelen, og at dei forholdsvis ofte skuva utpå kyrkjebåten og for åt kyrkjånn, ikkje berre i samband med livets store høgtider som barndåp, komfirmasjon, brurevigsel og gravferd, men elles også.

Men om folk flest tok kristendomen alvorleg til kvardags, for ikkje å nemne når det var full fest, det er meir tvilsomt. Og her er det at haugianarane kjem inn i biletet.

Den religiøse og moralske rørsla som lekpredikant Hans Nilsen Hauge fekk i gang heilt i begynnelsen av 1800-talet, hadde sett sine spor også her i Ålvundfjorda. Hauge stilte større krav til det daglege kristenlivet enn det potetprestane og andre prestar gjorde.

Dei som prøvde å ta kristendomen meir alvorleg, i tråd med det Hans Nilsen Hauge forkynte, har vorte kalla med mange namn: -haugianarar, pietistar, dei vakte, dei som var omvendt, personleg kristne, religiøsfolk, bedehusfolk, skikkelegfolk, lesarar osv. Det mest vanlege namnet her på traktene var vel «læssara», som sikta til at slike folk las meir i Bibelen enn andre.

Som sagt var aviser sjeldan vare enno. Men somme bygdafolk var meir opplyste enn andre, og somme av dei igjen heldt misjonsblad. Og der fekk folk lesa om misjonsarbeidet i fjerne land, blant hedningane i Kina, Zululand og Santalistan.

Ei viktig sak for lesarane var å sørge for at evangeliet vart forkynt for alle folkeslag.

Etter at Stortinget i 1842 hadde oppheva forbodet mot at lekfolk kunne forkynne gudsord (konventikkelplakaten), var det fritt fram for lesarar og lekpredikantar. Og misjonsforeningar og andre kristelege organisasjonar voks fram i bygd og by utover landet.

Inni Todala hadde det vorte stifta ei misjonsforening så tidleg som i 1845.

At tanken på å starte misjonsforening slo rot også i Ålvundfjorda, er ikkje så urimelig. At det skjedde akkurat i 1866, kan vel vera litt tilfeldig.

Dei 3 karane som kom inn i den første «bestyrelsen» for «Ulvundfjordens Missionsforening», var Christen Johnsen Sedsbø, Steiner Eriksen Fugelvaag og Ole Johnsen Selgebøe, slik namna deira vart skrivne på dansk, som enno var skriftspråket her til lands. På bygdamål vart dei kalla Krestn Sessbønnå, Stæna Litjvåja og Ola Seljebøfossa.

Kva slags karar var dette?

Christen Johnsen Sedsbøe, altså han Krestn Sessbønnå, var fødd i 1836 på Sessbønnå som yngste son på garden. I 1866 vart Sesbøgarden delt mellom to brør, og han Krestn fekk Innigarden og vart altså bonde der samme året som han var med og starta misjonsforeninga. 20 år gammel var han da. Kort tid etterpå vart han også innvalgt i Stangvik herredstyre. Han var formann i misjonsforeningen i 15 år. Krestn Sessbønnå døde i 1906.

Steiner Eriksen Fugelvaag, eller berre S. Fugelvaag som han helst skreiv seg for – altså han Stæna Litjvåja – var fødd på husmannsplassen Litjvågen i 1820, og såleis 46 år i 1866. Han var «skoleholder» i «Ulvunds Kreds» frå 1841 til og med 1880, og underviste også på Åsprong innimellom. Han var den første skulmesteren her i bygdn som hadde lærarutdanning. På sine gamle dagar vart han oftast kalla berre Gammel-Skulinn. Han døde ugift vinteren 1894. Da hadde han fungert som kasserer i misjonsforeningen i 27 år. Han var i si tid også med på å starte opp avholdsforeninga i bygda i 1884.

Ole Johnsen Selgebøe, altså han Ola Seljebøfossa, var fødd i 1844 på Seljebøfossa, som da var husmannsplass. Han var berre 22 år gammel da han kom inn i styret for misjonsforeningen i 1866. Seinere sto han som formann i 5 år, etter ‘na Krestn Sessbønnå, frå 1881 til 1886. Han Ola fekk bygsel på Seljebøfossen etter far sin i 1874. Men i 1886, 42 år gammel, utvandra han til Amerika med heile familien: kjerring og 5 ungar.

I 1866 var Noreg enno eit standssamfunn. Det var stor forskjell på folk. Storkjøpmenn, skipsredarar og embetsmenn (f.eks prestane), stod høgt heva over allmugen i rikdom, makt og rang. Soknepresten i Stangvik i 1860-åra heitte Rasmus Brochmann Parelius. Det var ikkje vanlege folk som hadde eit slikt namn.

Men også mellom bønder og husmenn og andre småkårsfolk, var det visse forskjellar. Til dømes hadde bøndene stemmerett på like fot med embetsmenn og storborgarar, men husmenn og andre eigedomslause småkårsfolk hadde ikkje stemmerett. Ikkje eingong skulmester Steinar Fugelvaag hadde stemmerett, fordi han ikkje åtte fast eigedom.

Det er mestå litt rørandes å sjå på det første styret i misjonsforeninga. Der sat ein ung bonde, ein medalders skulmester og ein ung husmannsgutt jamsides, på tvers av jordiske forskjellar. Det var meir som samla enn som skilte. Alle 3 var bygdamenn, alle hørte til allmugen, og alle 3 var sannsynlegvis lesarar.

Mange historikarar har peika på at lekmannsrørsla, som misjonsforeningane var ein del av, ikkje berre var ei religiøs rørsle, men samtidig ei sosial rørsle – med politisk tilsnitt. Lesarane i lekmannsrørsla, som bokstaveleg tala tok Bibelen i eiga hand, var på ein måte i opposisjon til presteveldet, embetsmannsveldet. Slik som mange bønder på Stortinget og utover landet var i opposisjon til embetsmannsveldet på det politiske plan. Ein del av bøndene var med både i bondeopposisjonen og i lekmannsrørsla. – Nokre få år etter at misjonsforeninga kom i gang (1972), var det ein del bønder her på traktene som meldte seg inn i Stangvik bondevenlige Foreining. Bondevennforeninga og misjonsforeninga var på kvar sin måte ein del av den demokratiske utviklinga i siste halvpart av 1800-tallet.

Misjonsforeningane var, som namnet seier, opptatt av å støtte opp om arbeidet ute på misjonsmarkene så godt dei kunne. Men samtidig dreiv dei også indre kristeleg oppbyggelse – oppbyggelse for seg sjølv, og for anna folk som ville komma å høre på.

Misjonsmøta vart haldne rundt om på gardane, også på gardar der husbondsfolket ikkje var medlemmer i foreninga. «Samling» var det vanlege namnet på slike møte. Etter at ungdomshuset Fossheim vart bygd i 1908, hendte det at misjonsbasarar og andre større møte vart lagt dit. Men skikken med samling rundt om i heimane har halde seg heilt opp til notida.

I den første tida, kring 1870-80, var det vanlegvis rundt 8-9 samlingar kvart år, somtid enda fleire.

Og det var ikkje berre dei mest overbeviste lesarane som møtte fram på samlingane. Ein del av misjonsmøta var for folkemøte å rekne, ikkje minst misjonsauksjonane. Det store frammøte i eldre tid heng i hop både med den tradisjonelle stillinga som kristendommen hadde, men og med at det ikkje fanst så mange andre møtetilbud.

Utover 1900-talet kom det tider da oppslutninga om misjonsforeninga og misjonsmøta varierte ein del.

Møtereferata frå åra kring 1920 melder om godt frammøte og vellykka tilstelningar.

Eit møtereferat frå januar 1934 gir uttrykk for at foreninga i dei nærmaste åra forut, hadde gjennomlevd «en forståelsesløs tid» og verka «under vanskelige forhold». – Men berre 2 år seinare melder møteboka om «meget folk» og «livlig stemning» på misjonsauksjonen.

Eit sitat frå årsmøtereferatet frå januar 1944, gir eit lite glimt inn i stemninga i det fjerde krigsåret: - «4. søndag efter Kr. åpenb…. Holdtes årsmøte på Bønno. Evangeliet for dagen, Jesus stiller stormen, blev læst av formannen. Dernest leste han brudstykker av Abrahams liv og talte om hans sterke tru.»

På 1950-tallet gikk det litt opp og ned med oppslutning og aktivitet i foreninga.

Den første misjonsauksjonen i det nye bedehuset Furulia, vart avvikla i februar 1963. «Den gamle auksjonarius H. L. Røkkum auksjonerte», står det i møteboka (altså han Gammel-Henrik Handlar).

Det fører for langt å komma nærmare inn på alle dei 125 åra som har gått frå 1866 til 1991. Det får vente til eit anna høve. Men til slutt må eg likevel nemne namna på nokre av dei som har vore fremste drivkreftene i laget.

Dei to første formenn var som sagt Christen Sedsbø og Ole Selgebø. Da sistnemnte reiste til Amerika i 1886, tok gardbrukar Martinus Røkkum over førarskapet. Han Gammel-Martenus sat som formann i 26 år, fram til og med 1912.

Gardbrukar og postopnar Anders Ulvund (Anners Bønnå) var formann frå 1913 til sin død i 1924. Deretter overtok son hans, tønnefabrikant, småbrukar og lastebileigar Albert Ulvund (Albert Arnstad) som var formann frå 1924 til 1933, frå 1935 til 1945 og frå 1948 til 1967. – Dei formennene som kom i mellom var Ingvald Ulvund i 1934, Einar Hals ( Æna Ha’sjå) i 1945 og Tore Reiten (Tore Bønnå) i 1946-47. Men vi gjer ikkje skam på nokon når vi slår fast at det var han Albert som var hovdingen i misjonsforeninga i alle dei godt og vel førti åra frå 1924 til 1967.

Formann i seinare tid har vore Synnøve Ulvund (Arnstad) frå 1968 til 1973, Arne Ulvund (Arnstad) frå 1974 til 1984, og sia da har Arne Drøpping (Nistu’n) hatt hovedansvaret.

Nemnast kan også at etter at Gammel-Skulinn døde i 1894, overtok Anders Fugelvaag som kasserar i foreningen. Han var kårmann i Våja, og hadde kasserarvervet heilt til han døde i

 1922, altså bortimot 30 år. Seinare var gardbrukar Kristen Røkkum (Krestn Våja) kasserar i 7 år. Anleggsarbeidar og gardsarbeidar Ingvald Ulvund var kasserar i 18 år på 1930-40-talet.

Også fleire skulle vore nemnt, både styremedlemmer og friske auksjonariusar, men det får bli ein annan gong.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken