Den 7. juni fordelte fylkespolitikarane to millionar til integreringsprosjekt i kommunane, og Sunndal var av dei som trakk det lengste strået med prosjektet ‘Inkludering i arbeidsliv’.

- Vi synest det er positivt at prosjektet tek for seg integrering i arbeidslivet og bedriftsetablering. Lukkast prosjektet, vil andre kommunar kunne lære av Sunndal si erfaring, seier Eivind Vartdal Ryste, seksjonsleiar for regional- og næring i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Auka språktrening

Forprosjektet skal prøve ut fire konkrete tiltak for å auke innvandrarane si deltaking i arbeidslivet og fremme integrering, mellom anna etalerarlab og småjobbsentral.

På etablererlaben skal personar som er motivert for å etablere eige bedrift få jobbe med og teste eigne forretningsidear. Deltakarar i småjobbsentralen skal ta på seg små og store service-oppdrag for privat- og bedriftsmarkedet. Etablerarlaben skal vere lokalisert i Aura Næringshage.

Ei prosjektgruppe med representantar frå Sunndal kommune, Sunndal Næringsforening, NAV og SUNS skal leie arbeidet.

Målet er å få næringslivet til å tilsette fleire innvandrarar og flyktningar, stimulere innvandrarar til å etablere eiga bedrift og gje dei auka språktrening og kunnskap om norsk arbeids- og samfunnsliv.

Mål om integrering

Prosjektet er eit av mange som søkte Møre og Romsdal fylkeskommune om midlar til integrering i vår.

Vi oppfordra kommunane til å tenke nytt om integrering, og fekk god respons og mange prosjektsøknader. Nokre av dei er faktisk nyskapande i nasjonal samanheng, seier Ryste.

I 2016 har alle kommunar i fylket sagt ja til å busette flyktningar. Frå før har også mange ein stor del arbeidsinnvandrarar, særleg frå Aust-Europa. Fylkeskommunen vil spele på lag med kommunane i integreringsarbeidet. I ny fylkesplan vil integrering bli eit prioritert område.

- Vi må gjere ein innsats for å få innvandrarar og flyktningar hurtig i arbeid og for at dei skal bli ein del av lokalsamfunnet dei bur i. Det er ein vinn-vinn situasjon for regionen og innvandrarane, seier Ryste.