Vital 80-åring bydde på seg sjøl

Ladybesøk: Fv klokkar André Hellum med sonane Sverre og Henning, Marit S. Berg, Ole E. Furu, Jonas Skeie (Sivert Hoåsbrekken) og Margit S. Tvedt (Anne Grødal).

Ladybesøk: Fv klokkar André Hellum med sonane Sverre og Henning, Marit S. Berg, Ole E. Furu, Jonas Skeie (Sivert Hoåsbrekken) og Margit S. Tvedt (Anne Grødal).

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Dagens 80-åringar er moderne og oftast lettbeinte. Det kan ein godt kalle årets jubilant Leikvinstemnet og.

DEL

Sjølv med eit 80 år langt tilbakeblikk, der krigen og 70-årsjubileet for frigjeringa stod i sentrum, står Leikvinstemnet fram som eit viktig arrangement med både historisk og kulturell tyngde.

Talar for dagen var Petter Erik Innvik, som tok eit tilbakeblikk om krigen og korleis den var i Sunndal.

– Krigen tok frå oss alt det som var blitt bygd opp i tiåra før, både ytringsfriheita, organisasjonsfriheita og det å kunne møtast og vere saman. Dette var ein trugsel for tyskarane, og måtte derfor stoppast, fortalte Innvik i sitt tilbakeblikk.

Etter bombinga var det fleire som måtte flykte frå heimane sine og ta inn hos slekt og venner utabygds. Det var og nokon som vart tatt til fange og sendt til arbeids- og konsentrasjonsleirar. Dei som kom heim att, fekk si oppmerksamheit på Leikvinstemnet i juni 1945.

Ein viktig grunn til at Innvik la tyngda av talen til krigen, er fordi Sunndal Museumslag og Leikvin har mottatt ei større gåve med rundt 200 bilete frå Tyskland som dokumenter kva som skjedde i Sunndal under krigen. Desse bileta får Innvik fri tilgang til å bruke i den boka som skal skrivast om krigen.

Det musikalske innslaget var det Trollheimsbrazz som stod for. Dei er ti i talet, kjem frå både Sunndal, Surnadal, Rindal og Meldal, og spelar lettliva korpsmusikk – fortsatt sterkt inspirert etter fjorårets studietur til Tyrol.

Den store spenninga er om Lady Arbuthnott kjem. Det gjorde ho ikkje i år, men det var ein fin flokk ho sendte i sin stad, med Mrs Chalmers (Marit Synnøve Berg) og James Allen (Ole Erik Furu) fremst. Dei leida an i allsong på Leikvin, som har vore eit fast innslag dei siste åra. Det passa svært så godt å opne med «Herre min Gud, for en dal du har skapt» frå Lady-førestellinga. Den påfølgande Vårsøg (No skin det sol) var ein fin oppfølgjar i eit utval songar som hadde sterk lokal tilknyting.

Sommarsola gjorde sitt til at folk hadde god tid og tok seg tid til å nyte både kaffien, programmet og det sosiale fellesskapet.

I smia vil det bli meir aktivitet framover. Leikvin har fått i gåve frå Arnfinn Rendalsvik i Sunndal Knivklubb, som knappast er i drift lenger, ei rekke knivar og arbeidsreiskap til å ha i smia. No vonar styrar Jarle Stavik at dette kan til dømes bli ein ny og større aktivitet på vikingstemne.

– No er vona at vi kan få i gang knivklubben igjen og få opp interessa rundt det å lage knivar, fortel han.

Sundag var det stor aktivitet i smia, og det var mange born som ville nytte høvet til å prøve å smi seg ein spikar eller krok. Ein av dei var Markus Hamstad (4 år). Han hadde eit solid grep om hammaren, og resultatet vart ein krok til å hengje noko på.

I år er det ny guide på Leikvin. Det er Martine Røkkum. Søndag hadde ho ansvar for å passe på at det gjekk trygt føre seg med å skyte villsvin med pil og boge. Ho blir dagleg å møte på Leikvin saman med Jarle Stavik.

– Eg gler meg veldig på å komme i gang med jobben som guide her. Jarle og eg blir å dele på det å guide gjestane rundt, smiler ho svært nøgd for sommarjobben.

I juli blir det igjen onsdagstreff på Leikvin, og da blir det nye høve til å møtast for sosialt lag. Marys venners kaffi og kaker hadde bein å gå på sundag, til glede for dei fleire hundre frammøtte.

Artikkeltags