Aviskrigen i Sunndal: Avblåst, men fenger fortsatt

 Erfarne redaktørar: Svein Sæter, Sigmund Tjelle, Ole Magne Ansnes og Lars Steinar Ansnes.

Erfarne redaktørar: Svein Sæter, Sigmund Tjelle, Ole Magne Ansnes og Lars Steinar Ansnes.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Sunndalingane er opptekne av media. Det kom tydeleg til uttrykk då aviskrigen på 70-talet var tema på kulturhuset laurdag. Arrangementet var svært godt besøkt.

Krigen oppstod hausten 1971, då Einar Sæter fekk med sine lojale medarbeidarar frå Aura Avis og starta opp avisa Driva. Sonen Svein Sæter tok publikum inn i bakteppet til at denne krigen oppstod.

Då Sæter overtok redaktøransvaret i Aura Avis i 1954, var det meininga at avisa skulle gå inn i Tidens Krav og bli ein del av den. Aura Avis vart produsert i huset til Sæter-familien, og Einar Sæter fekk avisa til å blomstre. Bak han som sterk støtte stod kona Norunn. Talet på lesarar auka sterkt.

Redaktør Sæter torde å stille kritiske spørsmål, og han kritiserte kommunen sine planer om å bygge nytt rådhus i 1969. Sæter ville heller ha utbygging av helsetunet. Det førte til konfrontasjon i eit lesarinnlegg i Aura Avis frå den politiske leiinga med sterke skuldingar retta mot redaktøren. Etter sentrale politiske føringar og fleire lokale konfrontasjonar, fekk Sæter med fleire av sine medarbeidarar over til å etablere avisa Driva, og den store kampen om lesarane starta.

Redaksjonen til Aura Avis vart flytta til Ellefstolgata og Driva heldt til i nabohuset som låg i Nordmørsvegen. Berre ein tynn lettvegg låg mellom husa.

- Berlinmuren var ingen ting mot den veggen som låg mellom Driva og Aura Avis, fortalte Sæter den lydhøyre forsamlinga.

Aura Avis skjerpa konkurransen i dei kommunane der Driva stod sterkast. Det som skjedde på Sunndalsøra var heilt spesielt, og det vart og to trykkeri i bygda. Med åra stabiliserte situasjonen seg, og redaktør i Driva, Sigmund Tjelle, var innom ei av dei viktige hendingane. I 1990 leverte arbeiderpartiveteran Bjarne Sundstrøm inn eit lesarinnlegg til Drivas redaksjon. Det var ein sensasjon.

Sigmund Tjelle og redaktør i Aura Avis, Lars Steinar Ansnes, var samde om at aviskrigen på Sunndalsøra vart avblåst for mange år sidan. Dei to avisene har utvikla seg forskjellig. Aura Avis er lokalavis for Sunndal og Tingvoll, medan Driva er regionavis for indre Nordmøre og Nesset.

Ansnes og Tjelle var einige om lokalavisene sin plass og rolle i sunndalssamfunnet.

- Å ha to aviser i eit lokalsamfunn er eit stort privilegium for folket i desse kommunane, og vi lever godt side om side, sa dei to redaktørane.

Artikkeltags