I interpellasjonen viser Outzen til at årsmøtet i LO på Indre Nordmøre vedtok ei fråsegn, der det m.a. heiter: «Slik avtalen er lagt opp, vil framtidige tenester ikkje kunne unntakast frå konkurranseutsetting og privatisering. Det ei noverande regjering ikkje krev unntak for, vil framtidige regjeringar ikkje kunne gjere noko med. Slik set avtalen demokratiet fullstendig til sides. (---)

TISA inneber ei permanent internasjonal «liberalisering» av tenesteproduksjonen – altså ei opning for overtaking av internasjonal storkapital. Ei opning som ikkje kan omgjerast seinare. (---)

Fagorganisasjonar både i Noreg og i andre land er derfor imot TISA. LO på Indre Nordmøre støttar den faglege og politiske kampen mot TISA og liknande avtalar.»

For eigen del tilføyer Outzen dette: «Mykje av den offentlege tenesteproduksjonen i Noreg er kommunal. Slik er det også her i Sunndal. Vi har òg eit kommunalt energiforetak. Det er ikkje tilfeldig at Fagforbundet, det største forbundet i LO, har engasjert seg sterkt i kampen mot TISA. Fråsegna frå årsmøtet til LO på Indre Nordmøre bygger i stor grad på stoff henta frå Fagforbundet. Kampen mot TISA er såleis både ei internasjonal, nasjonal og kommunal sak.»

I interpellasjonen ber han om støtte frå ordføraren og kommunestyret til følgjande fråsegn: ««Sunndal kommunestyre ser med stor uro på TISA-forhandlingane. Vi tar avstand frå både siktemålet med TISA og det at mykje som foregår er hemmeleg. Norsk samfunnsutvikling skal framleis avgjerast i Noreg, på demokratisk vis. Offentlege tenester, såvel statlege som kommunale, skal framleis vere offentlege og demokratisk styrt av folkevalde norske styresmakter.»