Lei av å vente på kommunal språkbruksplan

Nils Ulvund: Utålmodig mållagsleiar som inviterer til seminar.Arkiv

Nils Ulvund: Utålmodig mållagsleiar som inviterer til seminar.Arkiv

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

– Sunndal kommune har mange gongar lova å ta nynorsken på alvor, men det blir berre med orda.

Det seier leiar i Sunndal Mållag, Nils Ulvund.

– Det manglar ikkje på positive haldningar. Men eg etterlyser ein språkbruksplan for den tospråklege kommunen Sunndal. Den let vente på seg. Du kan godt skrive at eg er frustrert, seier Ulvund.

Han meiner at grunnlaget for å skape ein reel tospråkleg kommune er til stades, da det er mange på rådhuset som beherskar nynorsk. Men resultata kjem ikkje utan vedtak og retningsliner.

«Den tospråklege kommunen» er også overskrifta på eit seminar som Sunndal Mållag i samarbeid med Sunndal kommune arrangerer 28. februar i Sunndal kulturhus. Her er det lagt opp til eit breidt program, med både lokale og tilreisande innleiarar. Mellom desse er tidlegare leiar i Norges Mållag, Marit Tennø og Gudrun K. Juuhl frå høgskulen i Volda. Førstnemnde skal snakke om «Korleis endra praksisen i kommunen bort frå ein språknøytral politikk til ein aktiv tospråkleg kommune», medan Juuhl tek for seg korleis ein kan få den første språkopplæringa til å bli eit godt grunnlag for opplæringa i bokmål og nynorsk på (barne)skulen.

Skulemålssskrivar i Norges Mållag, Ingar Arnøy, kjem også til seminaret, som vert leia av kultursjef Ole Magne Ansnes.


Artikkeltags