Interpellasjon frå Sunndal SV: Ønskjer å skape eit press for nedrusting

Av

Erling Outzen har meldt følgande interpellasjon til kommunestyret i Sunndal den 27. mars.

DEL

I 2017 vedtok eit stort fleirtal av medlemslanda i FN ein traktat som går inn for forbod mot atomvåpen i heile verda. Solberg-regjeringa stemte imot, saman med atom-makter ein helst ikkje vil samanlikne seg med, som til dømes Nord-Korea. Den internasjonale kampanjen mot atomvåpen ICAN, som arbeider for eit slikt forbod, fekk same året Nobels Fredspris av den norske nobelkomiteen.

No har folket sjølv i mange lokalsamfunn tatt initiativ, trass i kva regjeringane deira står for. Kommunar har vedtatt å gå inn for atomvåpenforbod. Det gjeld byar som Manchester, Los Angeles, Sydney, Hiroshima og Nagasaki, men au Trondheim, Tromsø og snart Oslo her i landet.

Det gjeld å skape eit press for nedrusting. Også i arbeidet for eit forbod mot landminer var det motstand, slik vi ser med atomvåpen. Men i dag har 80 % av statane i verda signert forbodet mot landminer. Takka vere dette internasjonale presset nedanfrå.

Når andre kommunar her i landet og i andre land har vedtatt støtte til eit atomvåpenforbod, går eg ut frå at dette kan også Sunndal gjere. Eg inviterer derfor kommunestyret til eit vedtak om at også vår kommune støttar eit globalt atomvåpenforbod.

Ordførar, vil du støtte eit slikt vedtak, som vi kan sende til regjeringa og alle partigruppene på stortinget?

Forslag til vedtak:

Sunndal kommune er djupt bekymra for den alvorlege trusselen atomvåpen utgjer mot lokalsamfunn over heile verda. Vi meiner at innbyggarane våre har rett til å leve i ei verd fri for atomvåpen. All bruk av atomvåpen, enten med vilje eller på grunn av feil eller uhell, vil ha katastrofale, omfattande og langvarige konsekvensar for menneske, samfunn og miljø. Derfor støttar Sunndal kommune FN-traktaten som forbyr atomvåpen, og oppfordrar den norske regjeringa til å slutte seg til avtalen.


Artikkeltags