Interpellasjon: Erling Outzen og SV vil ha 8. mars som kommunal flaggdag

Erling Outzen.

Erling Outzen.

Av

Erling Outzen ønskjer 8. mars som kommunal flaggdag, og har meldt følgande interpellasjon til kommunestyret i Sunndal den 27. mars.

DEL

Ordførar.

Det er framleis mars månad. Den månaden den internasjonale kvinnedagen er lagt til. 8. mars, altså. Dei viktigaste statlege flaggdagane er i mai – 1. mai, 8. mai og 17. mai. Dagar da alle kommunar flaggar, i tillegg til staten. Og mange av oss privatpersonar.

Flaggdagane i mai er svært viktige datoar. Alle saman. 1. mai for arbeidarrørsla, 8. mai for frigjeringa frå nazi-okkupasjonen, 17. mai som grunnlovsdagen og starten på demokratiet her i landet.

Men kvinner er halve folket. Utan like rettar for kvinner kan det ikkje finnast folkestyre fullt ut. Det tok nesten hundre år frå grunnlova blei vedtatt til kvinnene her i landet fekk stemmerett. Og vi var eitt av dei første landa som innførte det. Sidan da har det vore kjempa mange kampar frå kvinnene og menn som støttar dei, for større likestilling og kvinnerettar. Og framleis er vi ikkje i mål. Heller ikkje her i landet. Retten til å bestemme over eigen kropp er under press, likelønn er det framleis ikkje. For å nemne to eksempel.

8. mars er derfor ein svært viktig markeringsdag for mange kvinner og ein god del menn. Men 8. mars er ikkje ein offisiell statleg flaggdag – enno. Derimot har kommunestyret i Bergen vedtatt kommunal flagging også 8. mars, i tillegg til dei statleg bestemte flaggdagane. Det synest eg Sunndal kommune også skal gjere. Eg håpar ordføraren er einig med meg i det. Eg trur mange vil sette pris på at Sunndal kommune flaggar også 8. mars.

Forslag:

Sunndal kommunestyre vil at den internasjonale kvinnedagen 8. mars skal vere kommunal flaggdag her i kommunen.

Artikkeltags