Sunt bondevett og vindmøller

Arne Drøpping

Arne Drøpping Foto:

Av
DEL

Lesarbrev Etter mi meining har vi i sommar hatt ein debatt om vindmøller som både er einspora og kortsiktig. Om det er media som styrer folket, eller folket som styrer media kan vi også fundere litt på.

Debatten liknar litt på diskusjonen om monstermaster og andre kraftlinjer for nokre år sidan. Sjølv meiner eg at eg har utvikla litt sunt bondevett via fjellturane som sauebonde. For meg er ikkje naturen i landskapet styggare om det går to store kraftlinjer i saueterrenget mitt. Det kan sjølvsagt andre ha ei anna meining om. Men eg har stor nytte av kraftlinjene når eg skal få heim sauene i dårleg ver. Det har eg mange erfaringar med.

Slagord som politistat i staden for demokrati har hagla i sommar. Men demokratiet er nok meir samansett enn dette. For nokre år sidan var det eit nokså samstemt demokrati på Stortings- og kommunenivå som meinte og vedtok at vindmøllene var viktige i kampen for rein energi. Det tek sjølvsagt nokre år å gjennomføre dette. Og om folkemeininga svingar har vi ikkje dermed ein politistat fordi om det blir gjennomført demokratiske vedtak som mange ikkje likar.

For meg er det skremmande å sjå kor nasjonalistiske og kortsynte vi blir. Ei svært vanleg meining i dag er at vi ikkje skal bygge ut vindkraft fordi Norge ikkje treng krafta no. Er det nokon som har sagt at klimakrisen er norsk? For meg ser det ut til at fløypartia SV og FrP er mest einspora.

Eg betraktar FrP som eit tydeleg populistisk parti. At Sylvi Listhaug gjerne vil stå fram som hærførar i medvind i sit heimfylke er ikkje overraskande. Den som vil lede ein hær i medvind må sjølvsagt skifte retning av og til.

SV har jo eit tilleggsproblem. Dei likar jo ikkje at kapitalistar skal tene pengar. Så når ein kapitalist tener på å gjennomføre eit godt miljøprosjekt er det best for SV å kutte ut miljøprosjektet.

I framtida må vi prøve å føre ein god dialog om kvar det skal byggast både vasskraft, vindkraft og andre fornybare, og finne ut kvar naturen bør vere som han er. Vi treng fornybare energikjelder til beste for heile kloden.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags