Ta aursjøturen no

Av
DEL

LeserbrevDet er fint ver, snø i fjellet og vatn i alle bekkar og åer frå fjellet. På rundturen om Aursjøvegen kan ei sjå eit tredvetals kjente og ukjente fossar og fossestryk med fall over 500 meter. Neste helg har mykje av snøen runne bort. Skal ein sjå mykje bør turen takast no.

Turen kan planleggast frå kartet, Norgeskart.no, på brett eller telefon. På kartet finn ein namn.

Turen kan takast på to eller fire hjul, men det er viktig å heve blikket for å sjå alt vatnet som kjem nedover. Det kan og vere lurt å ha med kikkert og noko å ta bilete med.

Du vil ikkje møte nederlendarar og svenskar midt i vegen.

Ta ikkje med mat. På Aursjøhytta kan ein kjøpe god mat og kaffe eller ta inn for overnatting. I Eikesdalen er det og god mat og kaffe å få kjøpt.

Ta turen no. Neste helg er det ikkje så mykje å sjå.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags