Tilsettingsstopp er eit dårleg forslag

Erling Outzen (SV).

Erling Outzen (SV).

Av
DEL

LeserbrevI kommunestyremøtet 13. mai sa eg blant anna: «Dei borgarlege, dessverre inkludert Sunndal Senterparti, vil ha ein generell tilsettingsstopp i Sunndal Kommune. Altså også lærlingar, ungdom på veg inn i arbeidslivet, nyutdanna sjukepleiarar, osv. Det er eit dårleg forslag. Hadde det dreidd seg om byråkratar, så ja, men når det gjeld rekruttar til førstelinja, «heltane» i koronatida, nei og atter nei.»

Einar Mo i Sunndal Senterparti meiner dette er feil. Særleg det er lærlingar, som ikkje har vanleg tilsettingsavtale. Men kva er vitsen med å vere lærling i Sunndal Kommune om ein ikkje har sjans til jobb etterpå på grunn av generell tilsettingsstopp? Og kva med dei nyutdanna sjukepleiarane som har tatt fire års desentralisert utdanning på oppfordring frå Sunndal Kommune? Ein generell tilsettingsstopp vil ramme dei vi treng mest i kommunen i framtida.

Eg er einig med Mo i at vi må prøve å komme i balanse mellom inntekter og utgifter. Men skal det skjerast ned, må ein begynne i rett ende. Med å kutte ut unødvendige luksusprosjekt som til dømes Vinnutrapp. Det bør etter mi meining ikkje brukast ei einaste kommunal krone på noko slikt, slik stoda er. Forslaget om ein generell tilsettingsstopp vil hindre rekruttering til det koronakrisa har vist er dei viktigaste jobbane i samfunnet vårt.

Forslaget frå Sunndal Senterparti og dei (andre) borgarlege er berre eit godt forslag om målet er fråflytting. Elles ikkje.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags