Tilsettingsstopp i Sunndal kommune

Einar Mo. (Arkiv)

Einar Mo. (Arkiv)

Av
DEL

LeserbrevI det siste kommunestyremøtet vart naturleg nok den skakkøyrde kommuneøkonomien vist stor merksemd. For å stoppe ei tiltakande tapping av kommunen sitt disposisjonsfond på ca. 135 mill. kroner, foreslo opposisjonen m.a. at kommunedirektøren skulle vurdere å innføre ein tilsettingsstopp, foreløpig ut året. SV-representanten Erling Outzen kritiserte dei 5 opposisjonspartia, og spesielt Sp, for forslaget, som han påsto ville gå ut over lærlingeplassane i kommunen. Men dette er ein feilaktig påstand. Lærlingar har ikkje nokon tilsettingsavtale, og vil ikkje bli ramma av ein eventuell tilsettingsstopp. Sunndal Sp arbeider iherdig for både å legge til rette for lærlingeplassar i kommunen og for å sikre næringslivet nok lærlingar. Dette er ei svært viktig ordning for å styrke og vidareutvikle sunndalssamfunnet.

Når det så gjeld økonomien for Sunndal kommune, viser rekneskapen for 2019 eit netto driftsunderskott på ca. 30 mill. kroner. Økonomiplanen for dei neste 4 åra inneheld ingen teikn til betring, og koronaeffekten vil sannsynlegvis forverre situasjonen. Vi får difor håpe at kommunestyret snarast råd kan koma fram til omforeinte tiltak slik at kommunen unngår å bli plassert under Fylkesmannen sin administrasjon

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags