Tingvoll lensmannskontor opnar

Åtte lensmannskontor i Møre og Romsdal, blant dei Tingvoll, vil gjenopne publikumsmottaket i løpet av denne veka, etter å ha vore stengde for publikum sidan 13. mars.

DEL

Det opplyser politiet i Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Det er fylgande kontor som nå er klare til å sleppe inn publikum med eit sterkt fokus på smitteverntiltaka:

Ulstein og Hareid, Sykkylven, Haram, Vestnes, Rauma, Tingvoll, Smøla og Aure.

Nokre av kontora har reduserte opningtider medan andre er tilbake med dei ekspedisjonstidene dei hadde før pandemien stengde ned samfunnet.

Dei tre politistasjonene i politidistriktet saman med lensmannskontora i Ørsta og Volda, Surnadal og Sunndalsøra har vore opne for publikum nokre veker allereie.

Artikkeltags