Todalsfjordprosjektet: Å kaste perler for svin

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.No har Sunndal gått inn for løysinga bru-tunnel over Todalsfjorden. Det betyr nedbygging av dyrkajord på fleire gardsbruk. Det betyr rasering av landskapet som finns i Svinvika og berøring av arboretet der. Arboretet er sjølve perlen i Surnadals smykkeskrin, no blir denne perlen ofra for ei bru.

Da fylkestinget godtok denne løysinga var det etter eit massivt påtrykk av demagogisk agitasjon, og fatta på heilt feil grunnlag.

Å drive ein fylkeskommune er som å drive ein butikk. Det gjeld å få mest mulig att for kvar krone.

Der at prisen på heile prosjektet er 2,7 milliarder. Da kostnaden for Trollheimstunnelen vart utrekna for ein del år sidan, var prisen 1 milliard. Sjøl med prisstigning er prisen den halve. Er det da ikkje på tide å snu alle steinar og gå tilbake til start?

Trollheimstunnelen startar med fast fjell som ligg frma i dagen og berører minimalt med dyrkajord. Deponiet etter Oppdølsstrandtunnelen er allerede tømt, og der er det og areal for vidare utviding.

Ved å sjå på bilete av området over garden Brekkan, kan vi sjå at skredfara der ligg side om side. På Rakaneset gikk det for få år sidan ei kraftig skrøe like ved husa.

Veit kommuneadministrasjonen kvar dei aktuelle gardane er å finne på kommunekartet?

Trollheimstunnelen vart prosjektert på alle måtar med trafikkgrunnlag osv. i si tid. Og det sikkert grundigare enn bruprosjektet. Alle sider ved dette er enkelt, det er også anleggsarbeidet og vil gå raskare.

Vegvesenet sitt med fasiten om kva som er mest effektivt. Lytt til dei!

Bruprosjektet har så mange negative og usikre sider:

For det første skadene i Svinvika og på kulturarven der.

Så rasering av dyrkajord på begge sider. Unntakstilstanden i landet i dag viser kor viktig sjølberging er, og vil bli i all framtid.

Vær så snill og vis respekt for kulturvern og jordvern!

Var i tvil om det er ett å koma med innvendingar no, ,em etter eit pussig innspel frå Rindal, tek eg sjansen.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken