Todalsfjordprosjektet: - No skal ringen sluttast!
Sist helg vart Nordøyvegen opna, med folkefest, pomp og prakt på Harøya i nye Ålesund kommune. I ei pressemelding gratulerer leiinga i Todalsfjordprosjektet AS alle involverte med å endeleg få ein ferjefri kvardag. Samtidig gleder dei seg over at deira eigen opningsdag no har kome enda eit steg nærare.