I desse dagar er kommunen i gang med å handsame søknaden om oppdrettsanlegg for torsk i Sunndalsfjorden ved Grova. Kommunestyret skal fatte vedtak i saka 27. april.

Tida sidan 4. februar, da nyheiten kom om at det var søkt om eit tilsvarande anlegg i Sunndalsfjorden som i Ålvundfjorden, har vore rystande. For lokalbefolkninga og hytteigarar som blir direkte ramma av det omsøkte tiltaket frå Nordmøre Torsk AS er konsekvensane dramatiske.

Grova og Mjølkill er ei typisk fjordgrend der innmark og beite strekkjer seg i skrånade terreng ned til sjøen. Grunneigarane som har strandline inn til det omsøkte området, har både naust, viktige fiskeplassar, rekreasjonsområde og grunneigarretter i fjorden. På fjorden rett utafor er det planlagt eit oppdrettsanlegg med 16 merder innafor ei ramme på 200m x 800m. I tillegg kjem flåte, båtar og anna innretningar, som vil dominere fjordflata og leggja seg rett i ei av dei vakraste utsiktene ved Sunndalsfjorden. Det vil synes, høyrast og få ei rekkje med andre konsekvensar!

Det omsøkte området er eit av Sunndalsfjorden mest fiskerike med eit mangfold av fiskeartar, bl.a. torsk, uer, sei, lange, brasme, hyse og lyr. Det fiskes også makrell, sild, flyndre og det fanges krabbe. I tillegg til lokalbefolkninga kjem fritidsfiskere hit frå eit stort omland. Vi meiner bestemt det er gyteområde for uer og torsk der anlegget planlegges, begge trua artar. Eit oppdrettsanlegg med ankerfesta vil øydeleggje sårbare fiskeme for villfisk. Samtidig vil det fullstendig hindre tilgangen til dei tradisjonelt viktige fiskeplassane. Det vil være eit stort tap for lokal matauk og opplevelsar knytt til fiske som rekreasjon.

Mjølkill, Flå og Opdøl vart i samband med kommuneplana 2007-2015 vurdert til å ha spesielt attraktive og tilgjengelege strandområde langs ein elles ganske utilgjengeleg Sunndalsfjord. I gjeldane kommuneplan er strandsonen frå Skjæret og vestover satt av til hensynssone H530 viktig friluftsområde. Langs grendas strandlina er det i alt 10 støer med 7 naust. Det er tett med badeplasser – ein av dei er Mjølkillskjæret, det einaste skjæret i denne delen av Sunndalsfjorden, og som er ein fantastisk idyll og populært badeområde for folk i omegnen! Strøm og vind vil ta med forureining frå anlegget og inn til badestrendene som vil bli liggande mellom 220 m til 800 m unna. Kor freistande er det å bade like innafor eit oppdrettsanlegg? Vi veit heller ikkje korleis stranda med tang og vegetasjon vil forringes, her kor det leikar born i fjæra og har store opplevelsar med det.

Vi har ikkje så mykje av «fasiliteter» her på Mjølkill og i Grova – men vi har naturen og usikta som tek pusten frå ein, vi har fjorden, badeområde og dei tradisjonsrike fiskeplassane! Saman med kulturlandskapet og gamle gardsbruk er dette attraktive kvaliteter, ikkje berre i lokal samanheng, men og for alle som passerer og kjem på besøk – her stopper «alle» for å ta bilder! Fjorden er viktig for livskvalitet, folkehelse og bulyst. Det er dette vi har å vise fram for alle som kjem hit! Kveldssola på Mjølkill skin til elleve på kvelden, og når sola for lengst har gått ned i nabobygdene, er Mjølkill ein stad kor folks samles langt utover sommarkveldande.

Korleis vil eit slikt oppdrettsanlegg påvirke oss med omsyn til lys og støy? Vi er redd anlegget vil bli liggjande som eit blinkande belte over fjorden - vil vi sjå noko anna når vi går ut om kvelden? Lyden går rett opp frå fjorden, det veit vi godt, vi som sit på trappa om kveldane og høyrer nisa blåse idet ho ruller over seigrunna. Sjølv dei minste bølgeslaga som slår mot steinane i fjæra høyres.

No når denne sentrale delen av livet vårt er trua, er det ikkje lenger ei glede å sjå på fjordens utallige variasjoner i lys og speglingar frå fjell og skyer. Eller stå i nordvesten og fasineres av råket som fyk bortover fjordflata i kvite skyer frå bølgetoppane. Er dette siste våren, siste morgonen eller siste fine kvelden vi får oppleva det slik? Slike tankar slit i oss. Vi byrjar undra på kva som skal skje med staden i framtida. Vil vi og dei som kjem etter bu her? Kven skal ta vare på gardane og kulturlandskapet? Kvar skal vi hente motivasjon til å ta vare på verdiane framover om det etableres eit industrianlegg framom hus, hytter og gardar? Vi trudde ikkje at nokon berre kunne koma å leggje beslag på fjorden. Vi trudde fjorden var for alle, ein del av vårt felles gode, ein allemannsrett. Her finn vi kortreist mat og opplevelsar som vi ikkje må køyra med bil for å få tilgang til.

Sjøarealplana

Vi veit ikkje kva briller ein hadde på da dette arealet (VKA01Mjølkillskjær») vart peika ut som «passande» for akvakultur i sjøarealplana frå 2018, men at ein valgte å sjå bort i frå lokalbefolkninga sine interesser og dei store verdiane knytta til natur- og landskap, friluftsliv og rekreasjon og fiskeriinteresser her på Mjølkill og i Grova og Jordalsgrenda er det ingen tvil om. Vi stiller spørsmål ved medvirkninga, vart t.d. barn- og unges interesser ivaretatt med omsyn til friluftslivsområdene? Ingen lokale fiskere vart etter det vi veit kontakta for avklaring av dei viktige fiskeriinteressene. Grunneigarar med lovrettigheter i fjorden vart heller ikkje kontakta.

Konsekvensutgreinga til sjøarealplana er kortfatta og mangelfull. Det er tema som ikkje er utgreia i det heile tatt. Om ein les høyringsbrevet og vedtaket frå Sunndal kommune står det at nytt areal for akvakultur stort sett er foreslått i ytre områder, for eksempel rundt Smøla og ytre deler av Kristiansund. I vedtaket av 13.06.18 står det også: “Oppdrettsanlegg medfører ofte forurensing og uønska støy, lys og installasjoner. (...) Sluttproduktet for Sunndal sin del er at det i størstedelen av sjøarealet nærmest land og inne i fjordene ikke kan etableres anlegg for akvakultur av noe slag”. Vi stiller oss difor undrande til at ein da samtidig vedtok eit område framom ei heil grend inne i fjorden til dette formålet?

Vi meiner at saka var dårleg opplyst og at plana var fatta på eit manglande kunnskapsgrunnlag. Det er gitt signal om at kommunen vil sette i gang arbeid med rullering av kommunedelplan for sjøarealer. Det blir bl.a. peika på at ein ikkje hadde sett for seg oppdrettsanlegg med torsk inne i fjordene. Dette meiner vi er positive signal og vi håper at kommunen tek ut “VKA01Mjølkillskjær” i Grova og på Mjølkill i samband med rulleringa.

Konsekvensutgreiing

Vi forventer at det blir gjort grundige konsekvensutgreiingar (KU) i samband med søknaden frå Nordmøre Torsk AS. Søkers KU er svært mangelfull! I vår høyringsuttalelse i brev datert 21.03.22 har vi peika på fleire tema som vi meiner må kartleggjast og utgreiast. I tillegg til det vi har omtala over, meiner vi området må kartleggjast for gyteområde til torsk og uer og anna naturmangfold. Sunndalsfjorden er vidare ein hardt prøva fjord med omsyn til miljøtilstanden og det er ein fjord med liten utskifting av bassengvatn, kor miljøgifter og forureining kan samla seg opp. Vi er også redd for skader og rømming av oppdrettsfisk – området er svært værhardt, her kan vinden koma opp i orkan styrke. Det er også år der isen kan bli eit alvorleg problem – det har hendt at området der anlegget er planlagt har frose igjen av tjukk is, sjølv om det ikkje er ofte. Oftare skjer det at isen kjem med landvinden frå inne i fjorden kor det oftare frys til. I 1994 vart eit tidlegare oppdrettsanlegg som låg ved Hyllneset nestan tatt av tjukke isblokker som kom drivande i stor fart. Andre aktuelle tema i Sunndalsfjorden er ras, farleder og skipstrafikk inn til verket, reketrålfelt m.m. Det bør og nemnast at på andre sida av fjorden og heilt ned til sjømålet ligg eit av Møre- og Romsdals største naturreservat; «Flåstranda og Hisdalen naturreservat».

Det bør og løftas fram her at langs Sunndalsfjorden er spora etter korleis folk har levd og funne livsgrunnlag gjennom uminnelege tider lett lesbare, med klart definerte bygder og strandsted ved Viklandet, Oppdøl, Flå, Øksendal, Mjølkill, Grova og Jordalsgrenda - dei representer ulike kulturlandskap som er forma etter naturgrunnlaget slik det er på staden. Fjordlandskapet saman med dal- og fjellbygdene er viktig for lokal identitet og ein fantastisk ressurs å vise fram. Sunndal har mykje å by på til turistar som besøkjer området! Oppdrettsanlegget som omsøkt vil bli svært skjemmande i fjordlandskapet!

Lokale omsyn viktig

Men kva om regionale og nasjonale myndigheiter likevel ikkje finn heimel til å fraråde anlegget når den skal handsamast etter akvakulturlova innafor deira ansvarsområde? Da kan lokale omsyn bli avgjerande for utfallet i saka. Her har Sunndal kommune eit stort ansvar med å løfte fram konfliktområda og det som sterkt berører kommunens og lokalbefolkningas interesser.Slik vi ser det er det ei overvekt av interesser knytt til dei andre formåla innafor VKA01, det vil seia natur, ferdsel fiske og friluftsliv, og som ikkje let seg forene med formål akvakultur. Det er ikkje gitt at akvakultur kan tillates slik bestemmelsen er utforma. Her står det at akvakultur kan tillates etter søknad, ikkje at det skal. Samla sett er området verdifullt på alle vis – vi håper kommunen òg ser det slik.