Sjøarealplana med avsetjing av to område til oppdrett, som kommunestyret i Sunndal kommune godkjende i 2018, var altså ei papirplan utan skikkeleg grunnlag av noko slag. Men som næringslivsinvestorar nytta høvet til å prøve å utnytte. Det gjev grunnlag for å spørje kor ideen til å lage ei slik plan kom frå. Ho kom ikkje frå veljarane i Møre og Romsdal. Ho kom ikkje frå lokale innbyggjarar heller. Tveritmot. Ho vart ikkje ein gong opplyst til berørt lokalbefolkning og grunneigarar. Rundt omkring i heile fylket er no lokalbefolkninga plaga med å måtte finne ut korleis denne plana kan ramme dei hardt! Ordføraren i Sunndal, som var med i arbeidet med å få plana på plass, har no gått frå å tilrå oppdrett i begge dei områda han var med på å avsetje til oppdrett, og som kommunestyret godkjende. Aura Avis hadde eit oppslag om kva som skjedde i kommunestyret med tilfellet Grova, men i utgåva 28. april berre eit skarve og lite opplysande innlegg. Vinnu-trappa er visst mykje viktigare i Aura Avis! Trur Aura Avis og politikarane i Sunndal at dei byggjer tillit hos veljarane på denne måten? Og kva har eigentleg kommunedirektøren å gjere med dette? Har kommunedirektøren instruks om å stille seg positiv til alle private investorar same kva dei vil ha realisert?