Det melder Surnadal kommune på sine nettsider.

Ein person heimebuande i Surnadal har etter heimkomst testa svakt positivt etter gjennomgått sjukdom på reise i utlandet. Personen er ikkje smitteførande.

Ein utanlandsk statsborgar har testa positivt i kommunen og er sett i isolat.

Ein gjestearbeidar har testa positivt ved innreise og er sett i isloat. To nærkontaktar er sett i karantene og blir framstilt for ny testing.

Alle var i karantene ved tidspunkt for prøvetaking og det er ikkje behov for lokal smittesporing, heiter det i meldinga frå kommuneoverlegen.