Det skal greiast ut om undersjøisk tunnel kan være eit alternativ for fjordkryssing på strekninga Fv. 670 Ålvundfossen til Åsbøen. Da må det mellom anna sjekkast kor djupt det er til fast fjell i fjorden i eit område i Todalsfjorden.

Oppdraget er planlagt utført frå 20. november og vil halde på i 2-3 veker. I denne perioden vil det bli ein del aktivitet med båt på fjorden og det vil kunne høyrast smell eller drønn i området. Dårleg ver kan forseinke arbeidet, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Slik gjennomførast undersøkinga

Innsamling av seismikk går ut på at det genererast ei lydbølge danna frå ein luftkanon eller frå dynamitt. Kvar gang lydbølga møter eit nytt lag, som havbotnen eller bergoverflata, vil det reflekterast ei lydbølge tilbake. Lydbølgene som reflekterast tas opp på hydrofonar som tauast med kablar bak seismikkfartøyet.

Data blir deretter prosessert til bilete kor undergrunnen kan tolkast frå.