Menneskeverdet først

Arne Drøpping, 1. kandidat Sunndal KrF

Arne Drøpping, 1. kandidat Sunndal KrF

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Arne Drøpping, 1. kandidat Sunndal KrF

DEL

Kvifor engasjerer du deg i politikken?

– Eg har det med å bry meg om samfunnet rundt meg. Derfor har eg også vore politisk aktiv heilt frå eg starta i KrFU i Nord-Trøndelag tidleg på 70-talet.

Kvifor bør folk stemme på deg og ditt parti?

– KrF prøver med heile sitt engasjement å sette menneskeverdet i sentrum. Vi har skremmande eksempel frå historia når mennnesket blir eit middel og ikkje eit mål. Kvart menneskeliv har ein verdi frå unnfangelse til ein naturleg død.

Kva er den fremste kampsaka deg og ditt parti?

– KrF har alltid kjempa for at søndagen skal vere ein spesiell dag. Vi har oftast stått åleine om slike parolar. Derfor er det litt moro å legge merke til at nesten alle er opptatt av dette i år.

Kva for verdiar er viktige å ta vare på i din kommune?

– Viktig å ta vare på dei frivillige organisasjonane og å styrke dugnadsinnsaten i samfunnet vårt. Dette er ein viktig bærebjelke i vårt samfunn.

Kva er det viktigaste å få forandra i din kommune?

– Meir opptatt av å bevare det som er bra, og det er mykje, enn å forandre. Men for å sikre opnare prosessar i det politske arbeidet, håpar eg eg at vi ikkje lenger har eit parti som har fleirtal åleine.

Hvis du fekk gå til Erna og ønskje deg ein ting på vegne av din kommune, og du visste at ho ville ville svare ja: Kva ville du be om da?

– No har eg akkurat vore på landsamling for vassdragskommunar. Eg meiner det er viktig at dei som har vasskraft eller industri får behalde ein viktig del av den inntekta i staden for å flytte pengane til Oslo. Derfor kunne eg tenke meg at Erna la bort forslaget om å fjerne eigedomsskatt på verker og bruk. Viss det ikkje blir gjort, får vi ein svært dramatisk situasjon i Sunndal.

Kva bør kommunereformen ende opp med for din kommune?

– Med kommunereformen er eg no mest opptatt av at vi klarer å ha gode prosessar som fører fram til ei folkeavstemning og ein klar konklusjon.

Bør fylkeskommunen bestå?

– Ja, eg trur fylkeskommunen bør bestå, men dette er ikkje noko viktig prinsipp. Fylkeskommunen skal vere eit viktig redskap i demokratiet.

Hvordan stiller du deg til søndagsåpne butikker?

– Eg er svært klar tilhengar at søndagen skal vere ein annerledes dag, der hovudreglen er at butikkanne held stengt. Viss det frivillige Norge skal blomstre, er det også avhengig av at familiane som hovudsak har felles fridag.

Kven bør bli ordførar i din kommune, og kvifor?

– KrF er eit sentrumsparti. Sp står nært KrF politisk, sjølv om vi akkurat no er i kvar våre blokker, både nasjonalt og i Sunndal. Når Sp no har fristilt seg frå Ap i Sunndal, så har KrF sagt at å støtte Senterparties Synnøve Helland er vårt førstevalg.

Kva kan lokalpolitikarane bidra med i kampen mot klimaendringane?

– Det er viktig at vi i Sunndal er bevisst på at aluminium er eit grønt metall, og når det attpå til blir produsert med fossekraft er det eit svært viktig bidrag til klimaet. Men sjølvsagt er det også slik at mange andre saker bidrar bl.a. viss vi i enda større grad får flytta matpakkekjøring over frå bil til sykkel.

Kva skal til for at fleire busett seg i din kommune?

– Arbeidplassar er sjølvsagt viktig for at folk skal bosette seg i Sunndal, men det er også viktig at det eit godt nettverk med frivillige organisasjonar og ulike aktivitetar som folk kan engasjere seg i. Det er også viktig at vi viser fram den flotte naturen vi har, og som ligg her klar til å takast i bruk.

Artikkeltags