Raudt og grønt i eitt

Erling Outzen, 1. kandidat for Sunndal SV

Erling Outzen, 1. kandidat for Sunndal SV

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Erling Outzen, 1. kandidat for Sunndal SV

DEL

Kvifor engasjerer du deg i politikken?

– Eg har vore aktiv i politikk sidan 1972, sidan den første kampen mot EU. Da var eg 16 år gammal. Eg er framleis svært opptatt av å forsvare norsk sjølvstende og demokrati, og meiner framleis at Noreg bør halde seg utanfor EU-unionen. Dessutan bør vi erstatte EØS-avtalen med ein vanleg handelsavtale med EU. EØS betyr undergraving av både norsk folkestyre og eit anstendig arbeidsliv. Det same gjeld TISA. Både EØS og TISA svekker norsk folkesuverenitet, som det norske demokratiet og velferdsstaten bygger på.

Kvifor bør folk stemme på deg og ditt parti?

– Fordi SV som eg sjølv er imot EU/EØS, TISA og alt som truar norsk demokrati og sjølvstende. Og fordi SV er unikt ved at vi kombinerer det raude og det grøne. Eit godt samfunn treng både det raude og det grøne, samtidig. Ein kombinasjon av den sosialistiske rettferdstanken og den økologiske berekraftsidéen. Vi må dele goda, ha ei rettferdig fordeling av inntekter og makt. Eit samfunn med små forskjellar er eit sunnare og betre samfunn for alle. Og vi må dele goda med dei som kjem etter oss, og ikkje øydelegge for framtidige generasjonar.

Kva er den fremste kampsaka for deg og ditt parti?

– I tillegg til å kjempe mot tvangssamanslåing med andre kommunar, kan vel det vere kampen mot planane om rotenonforgifting av Driva. Alt liv i elva skal drepast, for kanskje å utrydde lakseparasitten, «gyroen». Men i fleire elver som har blitt «behandla» med denne gifta, har parasitten komme tilbake. Og kva med auren, som ikkje er ramma av parasitten? Har ikkje auren nokon verdi? Fiskarane, både lokale og tilreisande, koser seg langs elvebreidda. Vi som ikkje fiskar i elva, koser oss også med å vite at elva lever. Driva betyr mykje for mange. Vi vil ikkje ha ei livlaus rotenonforgifta elv.

Kva for verdiar er viktige å ta vare på i din kommune?

– Det trur eg må vere to ting: For det første respekten for yrkesfag og praktisk arbeid. For meg er alt ærleg arbeid likeverdig. Og lønsforskjellane burde vere mindre enn dei er. For det andre samhaldet. Når det trengst, har vi ein kultur for å stå saman og arbeide for felles beste, kjempe saman for lokalsamfunnet.

Kva er det viktigaste å få forandra i din kommune?

Sant å seie meiner eg det er lite som trengst å forandrast i Sunndal. Vi har ein veldig bra kommune å bu i. Vi bør arbeide for å forsvare og styrke det vi har.

Hvis du fekk gå til Erna og ønskje deg ein ting på vegne av din kommune, og du visste at ho ville ville svare ja: Kva ville du be om da?

– At regjeringa legg bort planane om å svekke den kommunale eigedomsskatten. Det ville vere ein katastrofe for innbyggarane i Sunndal om dette skjedde. Vi treng desse pengane om vi skal oppretthalde og styrke velferd og livskvalitet for dei som bur her. Ikkje minst for barn, unge og eldre.

Kva bør kommunereformen ende opp med for din kommune?

– Eg meiner Sunndal bør bestå som eigen kommune. Regjeringa si kommunereform er ikkje ei demokratireform, sjølv om dei kallar den det. Di større einingar, di større avstand er det mellom styrande og styrte, enten det gjeld unionar, nasjonar eller kommunar. Det kommunereforma dreiar seg om, er det einaste denne regjeringa bryr seg om: Pengar. Å bruke mindre pengar på offentleg sektor, inkludert lokaldemokrati, for å kunne gi enda større skattelettar til dei allereie velståande og opne for privatisering av offentlege tenester. Sunndal kommune er stor nok. Vi ville gjerne hatt ein viss auke i folketalet, men ikkje ved å gjere arealet og avstandane enda større enn dei er.

Bør fylkeskommunen bestå?

– Ja. Vi sunndalingar har ei sterk kjensle av lokal identitet som sunndalingar, og dei fleste av oss har òg ei kjensle av tilknyting til Møre og Romsdal Fylke i tillegg til dette. Verken kommunesamanslåingar eller større regionar enn fylka er ein god idé. Begge delar vil vere ei sentralisering som svekker folkestyret.

Hvordan stiller du deg til søndagsåpne butikker?

Eg er heilt imot ei opning for meir søndagsarbeid.

Kven bør bli ordførar i din kommune, og kvifor?

Sunndal SV vil at Ståle Refstie skal halde fram som ordførar. Han er ein bra kar som vi samarbeider godt med.

Kva kan lokalpolitikarane bidra med i kampen mot klimaendringane?

– Aluminium er eit grønt lettmetall, iallfall det som blir produsert med rein norsk vasskraft her i Sunndal. Vi lokalpolitikarar må kjempe for å oppretthalde og styrke aluminiumsverket. Det er det viktigaste vi kan gjere i kampen mot utsleppa av klimagassar. Neste steg i kampen for aluminiumsverket er å fremme SU5-prosjektet. I samband med det må vi arbeide for å stanse planane om nye straumkablar og auka krafteksport frå Noreg til EU. Norsk straum skal brukast til norske miljøvennlege arbeidsplassar og produkt, slik som det er på Verket.

Kva skal til for at fleire busett seg i din kommune?

– At vi alle framsnakkar Sunndal. Vi treng ikkje lyge, vi treng berre å seie det som sant er: Sunndal er ein svært god plass å bu og leve. Og det skal eg kjempe for at det skal halde fram med å vere.

Artikkeltags