Rom for sunn fornuft

Jon N. Eikrem, 1. kandidat for Tingvoll Venstre

Jon N. Eikrem, 1. kandidat for Tingvoll Venstre

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Jon N. Eikrem, 1. kandidat for Tingvoll Venstre

DEL

Kvifor engasjerer du deg i politikken?

– Eg meldte meg inn i Venstre som samfunns- og historieinteressert student i Trondheim på 1990-talet. Etter det var vegen kort til lokalpolitikken. No har eg vore medlem av kommunestyret og oppvekst- og kulturutvalet i ein periode.

Kvifor bør folk stemme på deg og ditt parti?

– For det første er Venstre eit sosialliberalt parti – altså både sosialt og liberalt – med stor takhøgd for lokal sunn fornuft. For det andre meiner eg at vi har teke godt vare på den tilliten veljarane ga oss i 2011. Og det vil vi gjere dei neste fire åra òg.

Kva er den fremste kampsaka for deg og ditt parti?

– Med Folk Først er dei viktigaste sakene oppvekst, omsorg og busetting. Det skal skine av oppvekst- og omsorgstilbodet i Tingvoll – med nok plassar på sjukeheimen! Tingvoll Venstre vil ha JA-haldning til spreidd busetting og bruksendring, og arbeide for utvikling av nye og meir attraktive bustadområde.

Kva for verdiar er viktige å ta vare på i din kommune?

– Samhald! Pluss openheit og ærlegheit i all kommunal verksemd. Elles er Tingvoll ein kommune med trivelege folk, fin natur – midt i smørauget på Nordmøre. Tingvoll er rett og slett ein bra kommune, som kan bli enda betre.

Kva er det viktigaste å få forandra i din kommune?

– Nok sjukeheimsplassar, meir framtidsretta og tilpassa eldreomsorg og JA-haldning til busetting av nye innbyggjarar. All negativiteten kring busetting har tæra på tolmodet. Utan folk er det ikkje mykje bruk for kommunane heller! Og så treng vi fleire arbeidsplassar.

Hvis du fekk gå til Erna og ønskje deg ein ting på vegne av din kommune, og du visste at ho ville ville svare ja: Kva ville du be om da?

– Ein stor statleg arbeidsplass, kanskje? Eller meir nøkternt: God kommuneøkonomi og det som trengs av pengar til opprusting av riksveg 70 – heilt frå Tingvoll til Ålvundfossen. Og så realisering av Halsafjordsambandet (med ny E39), sjølvsagt.

Kva bør kommunereforma ende opp med for din kommune?

– Tingvoll Venstre har ei positiv og offensiv haldning til arbeidet med kommunereforma. Med krav om folkeavstemming før eventuell samanslåing.

Men kommunereforma må bli ein vinnarreform – for alle. Viss ein kan peike på taparar, har ein allereie mislukkast. Personleg ser eg kommunereforma som ein historisk sjanse til å satse på heile Nordmøre – frå Eide til Rindal (reforma er kanskje til og med den siste sjansen…). Nøkkelorda er felles identitet, felles attraktivitet og god balanse mellom by og land. Alternativet kan bli ei oppsplitting av Nordmøre til nær sagt alle kantar. Men så er det slett ikkje sikkert at resultatet av kommunereforma blir Nordmøre kommune. Uansett vil Tingvoll Venstre sjølvsagt gjere vårt beste for Tingvoll (og Nordmøre) dei neste fire åra òg.

Bør fylkeskommunen bestå?

– Ja, heilt til ein framtidig regionreform. Nordmøre høyrer da naturleg til i ein Midt-Norsk region.

Korleis stiller du deg til søndagsåpne butikkar?

– Som brukar av søndagsopen daglegvarebutikk kan eg ikkje godt gå imot søndagsopne butikkar! Det ser eg heller ikkje noko grunn til, så lenge ein finn fornuftige ordningar som regulerer søndagsopninga (ikkje søndagsopne kjøpesenter, til dømes).

Kven bør bli ordførar i din kommune, og kvifor?

– I Tingvoll har vi fleire gode ordførarkandidatar, så ordførar skal det nok bli råd med. Ingen har «klippekort» på ordførarjobben! Eg ser ikkje på meg sjølv som ordførarkandidat. Vi er eit lite parti, enno …

Kva kan lokalpolitikarane bidra med i kampen mot klimaendringane?

– Tenkje globalt og handle lokalt i kommunal verksemd òg. Til dømes satse på berekraftig vass-, vind- og bioenergi.

Kva skal til for at fleire busett seg i din kommune?

– JA-haldning til nye innbyggjarar, gode kommunale tenester – og arbeid. Det meste står i valprogrammet til Tingvoll Venstre.

Artikkeltags