Skal vere ja-kommune

Gunnar Waagen, 1. kandidat for Tingvoll KrF

Gunnar Waagen, 1. kandidat for Tingvoll KrF

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Gunnar Waagen, 1. kandidat for Tingvoll KrF

DEL

Kvifor engasjerer du deg i politikken?

– Eg er ein samfunnsengasjert person som frå barndommen er vant til å ta ansvar.

Kvifor bør folk stemme på deg og ditt parti?

– KrF har eit knallbra konkret program og ei supersterk liste som fortjener å bli bruka.

Kva er den fremste kampsaka for deg og ditt parti?

– Eldreomsorg skal bli ei vinnarsak og kommunen skal bli ein attraktiv arbeidsgjevar.

Kva for verdiar er viktige å ta vare på i din kommune?

– Menneskeverd, frivillighet, økologi og samfunnsengasjement.

Kva er det viktigaste å få forandra i din kommune?

– Tingvoll må bli ein JA-kommune, som istaden for advokatutgifter mot eigne innbyggarar, lagar ein organisasjonskultur der framsnakking og samhandling er ledetrådar.

Hvis du fekk gå til Erna og ønskje deg ein ting på vegne av din kommune, og du visste at ho ville ville svare ja: Kva ville du be om da?

– Pengar til våre samferdelsløysingar.

Kva bør kommunereforma ende opp med for din kommune?

– Vi har hatt samme kommunestruktur i Norge i 50 år. På eitt tidspunkt er det naturleg at den blir forandra. KrF trur på at når tida er moden for det går vi inn i storkommunen Nordmøre. Ei løysing der eit mindretall av befolkninga i storkommunen bor i byen, medan fleirtalet bur i omlandet, vil kunne gje ein likevektig og harmonisk ny storkommune. Vi må få ei vekstkraftig eining som både er næringsorientert og som er rusta for å gje innbyggarane trygge og gode tjenester også dei neste 50 åra. Men regjeringa har ikkje gjort ein slik vanskeleg jobb noko enkel, – ingen økonomisk «gulrot» innan samferdsel, mest ingen nye oppgåver til kommunane og bagatellisering av kulturforskjellar mellom kommunar, samt korte tidsfristar er regjeringa sitt bidrag. Når så NHO driv sin kampanje i tillegg verkar det mot sin hensikt.

Det er viktig at vi brukar den tida vi treng på kommunereformen, samtidig som vi må ha ei offensiv tilnærming til oppgåvefordeling mellom dagens kommunar, og til nærstyring av basistjenester innan oppvekst og omsorg. På vegen fram til ei ny kommuneorganisering vil KrF arbeide aktivt for å styrke bemanning, kompetanse og kvalitet i dei kommunale tjenestene slik at vi har ting på «stell» til ei eventuell nyorganisering. KrF vil innhente innbyggarane sine råd i ei folkerøysting i kvar valgkrets før det blir teke stilling til plassering i ein framtidig kommunestruktur.

Bør fylkeskommunen bestå?

– Ja, så lenge vi har dagens arbeidsfordeling med ein trenivåmodell er det naturleg.

Korleis stiller du deg til søndagsopne butikkar?

– Vi har behov for ein dag for veka som er annleis, da må flest muleg ha søndagsfri. Dette er ei svært viktig symbolsak for KrF, og dersom det blir opp til kommunane sjølve å bestemme og vi kjem i posisjon, vil vi krevje at våre samarbeidspartier godtek at vi fortsatt skal ha ein annleis dag.

Kven bør bli ordførar i din kommune, og kvifor?

– Eg er ordførarkandidat frå KrF, så da må eg svara Gunnar. Det blir sagt at eg har ein svært interessant CV for å bli ordførar, er offensiv optimist, arbeidssom, er ein inkluderande lagleiar, og eit godt talerør utad. Men heldigvis er det velgarane som skal avgjera styrkeforholdet mellom kandidatar og parti med framgang eller tilbakegang.

Kva kan lokalpolitikarane bidra med i kampen mot klimaendringane?

– Tingvoll er sjølverklært Økokommune og det forpliktar, men er ikkje enkelt i kvardagen. Som forbrukarar bør vi redusere unødig forbruk, kildesortere, gjenbruke og kompostere. Landbruket bør ha rasjonell jordleige, utan for mykje kjøring på kryss og tvers, satsa på biogass, og driva så i pakt med naturen som ein får til. Kommunen må satsa på enøktiltak, bruka fornybar energi, driva miljøstasjonar og byggja ut avløpsnettet med effektiv rensing.

Kva skal til for at fleire busett seg i din kommune?

– Vi må bidra til at dei tusen blomster kan blomstre gjennom ein positiv dialog og samspel med alle som vil utvikle kommunen vår både med trivsel og arbeidsplassar. Tingvoll skal vera ein aktiv medspelar med å sikre eksisterande arbeidsplassar og leggja til rette for nyskaping gjennom aktiv bruk av næringsfond, ha kort saksbehandlingstid, informere aktivt om mulege andre støtteordningar og ta eigne firma seriøst. Å auka folketalet er heilt sentralt for å oppretthalda levande bygder. Kommunen må møta eigne og potensielle nye innbyggarar med positiv og løysingsorientert dialog. Vi må få opp nybyggingsaktiviteten av leiligheter og eneboliger slik at «gamleboligen» blir ledig til andre, drive aktiv bosetting av flyktningar og følge opp boligsosial handlingsplan. Gjennom arbeidet med kommuneplana har vi i KrF satt fram og fått vedteke 10 enkeltforslag som skal gjera det enklare å få til bosetting i alle bygder der mange begrensingar som førte til dispensasjonssøknader no er tekne bort. Vi må skaffa oss eit godt rykte med kvalitet og kapasitet i barnehage, skule og eldreomsorg. Og vi må ta vare på ungdommane våre slik at dei vil flytta heim etter endt utdanning. Enkelt sagt: Ein Ja-kommune, der vi som kommune ikkje blir oppfatta som ein bremsekloss, men der det ryktast at i Tingvoll står kommunen «på tå hev» for sine innbyggjarar!

Artikkeltags