16. oktober er Verdas matvaredag. Vi i Norges Bygdekvinnelag har valt den dagen til VÅR DAG i markeringa av Frivilligåret 2022. Temaet vårt er «Saman for berekraftig matkunnskap».

Bygdekvinner i heile landet ynskjer å dele kunnskap om mattradisjonar og bruk av lokale råvarer, med frivillege i Norge. Vi meiner denne kunnskapen er nyttig for framtida. Den kan hjelpe oss til å lage mat som kan bidra til eit meir berekraftig forbruk og fremje lokal matproduksjon.

Ein tredel av maten som blir produsert i verda blir ikkje eten opp, viser tal frå FN. I Noreg står hushaldningene for halvparten av matsvinnet. Kvar og ein av oss kastar 40,3 kilo fullt brukande mat kvart einaste år.

Utviklinga må snuast. Vi kan saman gjere det. Då må vi ta i bruk tidlegare generasjonar sin kunnskap og erfaringar.

Å minimere matsvinn ved å utnytte lokale matressursar er sentralt i den tradisjonelle matkulturen. Ikkje berre i den norske, men i dei fleste kulturar. Her kan vi inspirere og lære av kvarandre.

Med kunnskap om konservering av frukt, bær og grønsaker kan vi forlenge lagringstida for maten. Med konservering kan vi glede oss over smaken av sommar heile året.

Kunnskap om bruk av ville vekstar og artsmangfald i naturen kan gi oss eit breiare utval av råvarer i matlaging.

Å bruke heile slaktedyret frå hovud til hale er god ressursutnytting og inviterer til mange spennande oppskrifter frå heile verda.

I Norge dyrkar vi ulike kornsortar. Korn held seg lenge, og det er næringsrikt og billeg. Bak ditt eige brød. Du kan også bytte ut pasta og ris med norsk bygg til middag eller i salaten.

For matbloggaren og kvinna bak Instagramkontoen @food_passion, Jamilla El Haddaoui, er bruk av lokale råvarer og matrasjonar viktig.

- Når eg lagar mat, brukar eg kunnskapen og teknikkane eg lærte frå mi bestemor. Det gir gode smakar og gode minne.

Med VÅR DAG ynskjer bygdekvinnene å skape merksemd om berekraftig forbruk av mat. Det vil vi gjere saman med andre. Vi vil ha mangfald, frivilligheit og god matkultur. Då gjer vi noko bra for oss sjølve, men også noko bra i solidaritet med verdas folk. Slik kan vi bidra litt med å nå FNs berekraftmål om ansvarleg forbruk og produksjon av mat.