Tillitsfulle stola dei fleste av oss nære naboar til det nye biogassanlegget i Rådal på at den nye naboen vår skulle bli ein vi ikkje ville merke. Det blei vi nemleg førespegla på eit informasjonsmøte eit år eller to før anlegget starta drifta. Eigaren av biogassanlegget er Bergen kommune, og vi hadde tillit til at dei ville ta godt vare på innbyggjarane sine. I vårt nabolag bur i hovudsak eit stort antal barnefamiliar. Like ved ligg blant anna ein barneskule og eit stort idrettslag og.

Vi er eit nabolag som frå før var vane med at det innimellom kunne lukte boss får forbrenningsanlegget like ved. Vi var og vane med at det kunne lukte frå ei verksemd som lagar asfalt og at ei anna verksemd brått kunne kverne opp trevirke så det la seg tjukt, grått støv over alt hos oss, spesielt godt synleg på hus og bilar. Vi har berre kunna håpe at trevirket var godt sortert slik det skal vere, for vi kjende jo godt at vi pusta dette støvet inn. Støv frå til dømes impregnert trevirke er det ikkje sunt å puste inn. Vi har og måtta håpe at dei ikkje kverna tre medan vi mala husa våre eller dekka til hygge og selskap i hagar og på terrassar.

Ein fin, tidleg desemberdag i 2016 var eg, ungane og far min som var på besøk hos oss langvegs frå ute og spela fotball. Brått stinka det sterkt og grusomt av noko vi ikkje hadde kjent før. Det var så ubehageleg at vi måtte rømme inn etter kort tid. Fleire i nabolaget starta straks med å leite etter kjelda. Vi tenkte på sumpgass og sjekka ei lita myr før ei kom på at det kanskje kunne ha med det der nye biogassanlegget som skulle kome å gjere.

Det hadde det. Dei hadde starta drifta og slapp ut rikeleg med giftig hydrogensulfid og metangass som var danna i råtnetankane. Utslepp vara og rakk til årsskiftet før dei fekk i gang fakkel for å brenne av gassane. Svenskar som blei flydde inn med nødvendig kompetanse hjalp til med det.

Det neste halvåret var det ofte ille. Det neste litt betre, men stadig skjedde nye utslepp. Vi blei godt kjende med stemmene til fleire av dei som arbeidde på Bergen kommune sin vaktsentral og tok imot klagane våre. Dei blei kjende med stemmene våre. Fortvila og makteslause stemmer. Av og til sinte. Ikkje på dei som arbeidde med å ta imot klagene, men på dei som hadde sagt at det ikkje skulle bli slik å vere nabo med dette moderne biogassanlegget.

Det er ikkje slik at det brukar å stinke konstant med ein styrke av ei spesiell lukt. Dette varierer med vindretning, vêrforhold og dei ulike driftsprosessane frå biogassanlegget og andre. Det er det viktig å vite. Alt som luktar er ikkje utslepp av desse giftige og eksplosive gassane. Slett ikkje. Nei, ofte luktar det til dømes under ulike typar uheldige hendingar ved leveranse av diverse illeluktande. I tillegg auka andre verksemder sine illeluktande utslepp dei siste åra. Eg kan ikkje nemne alle døme på hendingar i ei lang liste her. Eg har ikkje ei slik utfyllande oversikt nedskrive heller. Det verste er at utsleppa sin art og kjelde ofte forblir ukjende sjølv om vi naboar kjenner dei aldri så godt. Vi kan dessverre ikkje ta bilete av eller fange det som luktar. Andre må kome og oppleve det hos oss, og så må vi håpe at vi har rikeleg å by dei på når dei kjem.

2018 vart nok eit år med fleire utslepp med ulik styrke og varigheit. Fleire gongar har vi blitt møtt av det som kjennest som ein «vegg» osv stank når vi opna ytterdøra vår. Det har då vore hydrogensulfid som kjem seg opp og over fjellknausen til oss, men som synk og legg seg i ei lomme ved inngangsdøra og på tunet vårt då gassen er tyngre enn luft.

Å følgje førsteklassingar til skulen om morgonen vart i fleire veker ein utrivelig tur på grunn av ein eim som låg sterk oppe hos oss, og svakare, men som eit teppe over skuleplassen.

Vi har lært at det er umogeleg å spå kor tid utslepp typisk vil skje og kor lenge dei varer. Stanken kan kome som små blaff med ein vind som blir borte like brått som den kom, eller den kan vare i timar.

Etter å ha kjent sterk gasslukt inne på eit barnerom ein sein kveld, og vore nøydde til å ta ein sovande unge med inn på eit anna rom, sov vi lenge dårleg av frykt for at slike gassar skulle lekke inn til oss gjennom ventilasjonsanlegget vårt medan vi sov. Det blei heldigvis med den eine gongen at det så tydeleg var gass som lak inn på rommet på natta. Dette skjedde første driftsåret til biogassanlegget, men kven veit om det vil skje igjen og om det kan bli enda sterkare? anten det er dag, kveld, natt eller morgon, i fleire dagar eller til og med veker. Etter kvart har tolmod og tillit blitt tynnslite.

Vi har lært at konsentrasjonen av desse farlege gassane ikkje kan bli så høg i friluft at dei kan gjere at vi mistar medvitet og døyr slik ein kan om det skjer utslepp i lukka rom. Vi fryktar ikkje at noko slikt brått vil gjere ende på oss ute eller inne hos oss, men vi kjenner på eit langvarig negativt stress då vi har blitt makteslause i eigne heimar då vi ikkje kan verne oss mot utslepp av gassar og sterkt ubehageleg lukt. Slikt stress er helseskadeleg.

Først rundt februar 2019 senka eg skuldrane og tenkte at no har biogassanlegget mogleg blitt den naboen dei lova at dei skulle vere. Då hadde vi bak oss blant anna to politianmeldingar av utslepp som hadde vorte lagt bort. Politikarar og media er visst dei vi må ty til. Og statsforvaltaren. Vi hadde klaga til kommuna i staden for statsforvaltaren dei første åra, slik vi vart instruerte til og det stadig vart lagt betre til rette for. Vi skulle visst ha kontakta statsforvaltaren direkte tidlegare då dei er tilsynsmyndighet for industriverksemdene i Rådal.

Statsforvaltaren stiller krav og gjev tillatingar, men det er verksemdene sjølve som har ansvar for å drive utan å bryte med det dei har lov til. Ingen andre enn statsforvaltaren kan eigentleg stanse verksemder som står for gjentekne utslepp som plagar oss fælt. Statsforvaltaren stenger visst nesten aldri verksemder. Det må ofte fleire år, kanskje tiår med svært uakseptable brot på det som er tillate til før ei verksemd blir stengt, har eg oppfatta. Det er fint med nye sjansar og systematisk arbeid med betringstiltak. Eg støttar det. Men kva med oss naboar når dråpen som har fått begra våre til å renne over har gjort det så mange gongar? Vi har ikkje fått nokre plaster på dei usynlege såra det gir å ikkje rå over lufta vi pustar i heime, og som på eitt einaste illeluktande innpust kan avgjere trivselen vår kva tid som helst.

Sommaren 2019, frå slutten av juni til slutten av juli, skjedde utsleppet eg opplevde som som det aller verste. Stanken var nær uuthaldeleg, og den kunne vare i fleire døgn i strekk på heite sommardagar. Små pausar fekk vi med skift i vindretning og kanskje noko anna - kven veit, men det varte nær kontinuerleg. Til slutt måtte eg klage innstendig og kontinuerleg i ei vekes tid til alle eg kunne kome på at hadde noko ansvar knytt til dette. Ingen viste at dei hadde vilje, evne, mynde, evne, utstyr, ressursar og kompetanse til å gå raskt inn og finne ut kva som lukta og kor det kom frå. Alle verksemdene melde at det ikkje var dei. Først etter over tre veker, då utsleppet heldigvis var på hell, stilte statsforvaltaren opp. Dei fann fleire mogelege kjelder, men ikkje eigentleg ei som dei kunne seie at var kjelda til det som gav oss ein lang, heit og sterkt stinkande sommarmånad. Utsleppet tok brått slutt i dei dagar, og ingen veit altså til dags dato eksakt kva det sterke utsleppet var og kor det kom frå.

Heldigvis var vi og mange andre mykje på ferie andre stadar den sommaren, og vi tok oss og ein ekstra tur sidan det var så uleveleg heime, men det er mange familiar som har tapt mange fine sommardagar i heimen sin. Det aller verste var dei som kom heim med sin førstefødde og etter eit par dagar i grusom stank og med hektisk klaging til alle slags instansar med håp om å få stanken stansa måtte evakuere og ha barseltida si i vener sin vesle studenthybel.

Det er viktig å huske på at vi har lært at vi aldri kan vite om og kor tid noko slikt skjer igjen. Og ligg det verste som kan skje bak oss? Kven veit?

Vi har ikkje flytta då det er veldig godt å bu her på mange andre måtar. Vi har optimistiske håp om betring og. Og om ikkje vi bur her, vil andre sikkert gjere det. Det er ein populær bydel i sterk vekst. Vi har ikkje gitt opp å få leve her utan alvorlege og utolererbare utslepp og stank, men det var ein stor feil og eit stort overgrep mot oss at biogassanlegget vart plassert så nær der vi bur, og at dei med makt og mynde kunne tru og få oss til å tru at vi ikkje ville merke dei.

Å leve nær eit biogassanlegg har kosta oss mykje trivsel, tryggleik, energi, tid og pengar. Tid er ofte pengar, og det er ikkje få timar eg og andre naboar har brukt på dette som råka oss. Denne skrivestunda blei lang og. Verdien på eigedomane våre har nok blitt råka noko og. Men det aller verste er at godt humør fell fort og at fokus skiftar når stank brått inntok nasane våre i og utanfor heimane våre.

Å ta sjansen på å halde selskap for barn og familie heime på fine dagar slutta vår familie med i lengre tid. Skamma er vond når gjestar får kjenne på stanken og ikkje vondt meint, men ærleg, vantru og storaugde spør «korleis kan de ha det slik?!». At ungar kjem inn frå trampolinehopping i hagen fordi det stinkar ute er ikkje slik det skal vere. Med nokre få unntak vi mest levde greitt med, som litt bosslukt i mest korte periodar, var det ikkje slik det var før skiftet som kom med biogassanlegget. Biogassanlegget er likevel ikkje den einaste skuldige verksemda. Det er ein miks av avfallsaktørar og andre verksemder med utslepp på området. Eit industriområde som ligg oppå eit heilt enormt, gamalt bossdeponi. Slik blir det ofte. Ein miks i ei klyngje. Og mykje transport til og frå. Nokre bilar har utslepp som kan stinke fælt. Dei kan lekke og lukte både under fart og ved stans. Eg har mang ein gong blitt overraska over kor langt og sterkt slikt kan lukte, for eksempel ulike typar slam eller fiskeavfall på solvarm asfalt. I fire døgn kan slikt stinke fleire hundre meter, er mi erfaring frå i fjor.

Om nokon som vil drive biogassanlegg hevdar at det ikkje skal bli noko plagsam lukt til noko tid, så ser eg det som eit teikn på at dei ikkje eigentleg forstår kva dei vil halde på med. Vi i Rådal blei lova at det ikkje skulle lukte noko, at vi ikkje skulle merke vår nye nabo, sjølv om det rett nok og vart nemnt at luktproblematikk og eksplosjonsfare er ei utfordring med biogassanlegg. Eg vil påstå at det seks år gamle biogassanlegget i Rådal er moderne.

Transport av ulike typar illeluktande typar slam og avfall skal kontinuerleg inn i anlegget. Stinkande søl har skjedd under leveransar, og leveransane må skje under stadig meir lukka forhold. Under ulike typar regelmessig naudsynt vedlikehald og utskifting av utstyr vil også utslepp skje. For å nemne nokre andre hendingar som kan skje og lage lukt, så kan eit brannspjeld stå i feil stilling, kolfilter kan gå tette lenge før ein trudde, og ein må gjerne ha to, ikkje eitt, som ein hadde planlagt å greie seg med her. Dei er dyre desse filtra. Rundt 150 000 kroner stykket. I Bergen er det innbyggarane som betaler for kolfiltra og alt anna av tiltak biogassanlegget iverkset ut over opprinneleg driftsbudsjett for å bli ein betre nabo. Vil private aktørar ved andre biogassanlegg vere like betalingsvillige?

Enkeltvis toler vi litt, for eksempel ved ein varsla vedlikehaldsoperasjon som krev nedstenging etc. Men i sum blir det mykje av alle desse ulike enkelthendingane som er meir eller mindre planlagde eller hendelege, uheldige uhell.

Å vite at barna, dei kjæraste ein har, pustar inn hydrogensulfid og metan utanfor og i heimen sin er fælt. Å vite at barna pustar inn noko som stinkar og gjer slikt ubehag at rett og slett evolusjonært lure fluktinstinkt vert trigga, men ein må undertrykke det då ein ikkje kan flykte frå heimen sin, er ille. At ingen fann ut kva det var som stinka i nær ein heil sommarmånad i 2019 opplevde eg faktisk som verre enn å puste inn lave konsentrasjonar av giftige gassar som ein veit kva er og at det blir arbeidd med å stanse det. Korleis kan alle med plikt for å ivareta folkehelselov og forureiningslov glimre med sitt fråvær når slikt skjer, til og med i ein folke- og barnerik bydel i Noregs nest største by? Kva då med små tettstadar og bygder? Vil dei få hjelp som hjelper?

Kollektivt har fleire med slikt ansvar i praksis erklært sterke utslepp av ukjent art og kjelde som vi har vore utsette for som ufarlege. Korleis kan dei gjere det utan å vite kva utsleppet er? Er det sett som ufarleg fordi vi nære naboar ikkje får anna enn slikt som trass alt ufarlege brekningar og hovudpine? Kva med påkjenninga det langvarige, svært negative stresset inneber for oss naboar? Ansvar er mykje pulverisert. Kor skal vi rette eventuelle søksmål når det er så mange aktørar og uklåre ansvarsforhold? Kommuna sit på fleire stadar rundt bordet, men sit ikkje åleine rundt det.

Vi starta tolmodige og tillitsfulle, men det har vi i stor grad brent oss på å vere sjølv om vi forstår at dei som lager stank ikkje gjer det av vond vilje, og at dei ansatte hos både verksemdene og andre aktørar som må handtere dette også lir av at det er vanskeleg. I luktspreiingsanalysar og ein miljøkartleggingsrapport er dette med kva utsleppa faktisk har å seie for oss råka klagarar lite kvalitativt gjengjeve. Av den grunn nemner eg nokre eksempel på slikt her.

I eit par møter mellom aktørar som verksemder, brannvesen, politi, statsforvaltar, miljøretta helsevern og kommuna i samband med alvorlege, mystiske utslepp har ikkje vi råka klagarar blitt inviterte. Vi har hittil mest fått stille korte spørsmål på inn- og utpust under større, offentlege, opne møter etter at profesjonelle partar med løn og ressursar har halde sine utførlege innlegg med god tid. Antal naboklagar lista i ein tabell i ein rapport fortel ein del, men gjer det ikkje lett å få innblikk i og fullt ut forstå korleis dei ulike utsleppa har påverka mange familiar sine liv i heimane deira den og den dagen eller natta. Og kva med dyr og fuglar som og har luktesans, men som ikkje kan klage?

Eg er veldig takknemleg for mykje statsforvaltaren, kommuna og spesielt dei som driv biogassanlegget har gjort etter kvart. Men i nokre år har vi lidd mykje av utslepp, men og over at ingen kom oss ordentleg til unnsetning. Eg vil ikkje at fleire skal måtte oppleve og måtte kjempe mot slikt, og eg er svært overtydd om at ingen som skal bygge og drive biogassanlegg kan love nokon at dei vil vere umerkelege til ei kvar tid.

Biogassbransjen må velje lokasjon mykje klokare. Alle taper på ukloke val som plasserer biogassanlegg med alt det inneber, ikkje minst transport av illeluktande saker, nær der folk bur og oppheld seg mykje. Lær av den dårlege erfaringa frå Rådal og andre stadar. Ikkje øydelegg for dei som bur og lever i vesle Sunndalsøra som ligg trongt til mellom høge fjell. Finn ein betre lokasjon.