Vi vil opne for modulvogntog når vi veit det er trygt

Av

Det er stort engasjement hos bedrifter, interesseorganisasjonar og politikarar om å få opna fylkesvegar som i dag er godkjente for tømmertransport på 24 meter for lengre vogntog, såkalla modulvogntog på 25,25 meter.

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Møre og Romsdal fylkeskommune vil opne fylkesvegar for modulvogntog, men vi må vere sikre på at det er trygt for trafikantane og at veginstallasjonane og bruene våre toler det.

Som ansvarleg for trafikktryggleiken og å ta vare på vegkapitalen vår kan vi ikkje berre gjere denne endringa med eit pennestrøk. Det er forskjellar i tømmertransport med køyretøy på 24 meter og modulvogntog på 25,25 meter som vi må vurdere særskilt på alle vegane som er aktuelle.

Ein viktig forskjell på tømmertransport og permanent bruk av modulvogntog er at tømmertransport i det store biletet ein marginal del av den totale tungtransporten. Det er få bilar og ofte lokale transportørar. Modulvogntog vil utgjere ein stor del av tungtransporten på vegane som blir opna for det, heile året.

Treng større plass

Vi vurderer stigning, svingar, kryssløysingar og korleis vegane blir brukt til dømes av mjuke trafikantar. I dataprogram gjer vi det vi kallar sporingsanalysar, som viser kor stor plass eit lengre køyretøy treng i kryss, svingar og rundkøyringar. Det høyrest lite ut å tillate køyretøy som er 1,25 meter lengre enn det som er lov i dag. Men svingradiusen blir større og vi ser fleire døme på at modulvogntoga vil trenge store delar av motgåande køyrefelt for å klare ein sving. Det aukar risikoen for alvorlege ulukker. Vi ser også at vi har rundkøyringar og midtrabattar som blir for tronge for modulvogntog. Det vil kunne gi skadar både på køyretøy, veg og utstyr.

Bruer

Bruene er eit anna punkt vi må vurdere. Vi må vite at det er trygt for alle trafikantar å la større køyretøy bruke dei og vi må vite at belastninga ikkje fører til at bruene blir skadd. Bruene våre er heilt nødvendige for at all trafikk skal kome fram.

Heile strekningar

Møre og Romsdal er det nest største eksportfylket i landet målt i fastlandseksport og vi ser klare fordelar med å sleppe til modulvogntog også på fylkesvegnettet. Men skal næringslivet ha nytte av dei må vi opne samanhengande strekningar inn til riks- og europavegane. Derfor jobbar vi no med heile strekningar og finn ut kva utfordringar vi må løyse før vi kan opne vegane for lengre køyretøy. Mindre tiltak kan vi løyse fort, større tiltak må vi få tilført midlar for å få utbedra.

Andre fylke

I media blir vi skulda for å vere seindrektige i arbeidet vårt med å tillate modulvogntog. Det er vi sterkt ueinige i. Vi kan nytte Vestlandet som døme: I Rogaland er ingen fylkesvegar opna for modulvogntog, i heile Vestland fylke er berre ei strekning opna. Trøndelag har opna for modulvogntog og det er også vi innstilte på å gjere. Men vi må vite at det fungerer og at det ikkje går ut over trafikktryggleiken.

Det er Statens vegvesen som stadfestar veglistene som bestemmer kva køyretøy som kan køyre på vegane. På fylkesvegane skjer det etter fylkeskommunane sine anbefalingar. Neste oppdatering av veglistene skjer i april i år. Da er vårt mål at dei første fylkesvegane i Møre og Romsdal blir opna for modulvogntog.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken