Vinnutrapp – Stairway to heaven?

Av

- At Sunndal kommune i desse tider skal bruke mykje pengar, i første omgang 2,7 millionar, på ei storstilt Vinnutrapp meiner vi blir feil.|

DEL

Leserbrev Sunndal vil ha utvikling, og til liks med andre kommunar vil lokale reiselivsaktørar ha sherpatrapp. Trappa skal gi oss turistar i tusental, og dei skal leggje igjen mykje pengar i lokalt næringsliv. Dette er i alle fall målet til Venneforeninga som har vorte stifta, og som allereie har fått støtte både frå Sunndal Næringsforening (1 million) og frå Sparebank Midt-Norge (200 000).

Frå 2005 og fram til i dag har vi i regi av Geir Vetti og sherpaar frå Nepal fått over 60 ulike sherpatrapper og – stiar i Norge. Både Åndalsnes og Midsund har fått sine prosjekt. I Midsund viser digitale teljarar at rundt 60 000 menneske brukte trappa opp til Rørsethornet i fjor. Ho har 2212 trappetrinn og er ei av dei aller lengste i Norge. Både romsdalingar, og ikkje minst tilreisande, har funne både folkehelse og glede i steintrappa. Truleg har også alle turistane brukt pengar i butikkar og restaurantar i Midsund. I Rogaland er det fleire år sidan den fire kilometer lange stien til Preikestolen vart tilrettelagt, og i 2019 fekk det spektakulære fjellplatået besøk av 331 000 menneske. Parkeringsplassen omsette for over 15 million kroner.

Tala ovanfor er imponerande, og det kan sjå ut til at ei sherpatrapp er det som kan gi ein kommune både vekst og utvikling. Så enkelt er det ikkje, det skjønar vi alle. Det kostar pengar å byggje ei trapp, og det har sine miljømessige utfordringar. Eit trappetrinn i Midsund kosta om lag 2700 kr, men dei fleste andre prosjekt har ein langt høgare pris. Dei til saman 6500 trappetrinna av planlagde 9000 som er bygd i fjellsidene, har kravd 14000 helikopterløft. Den dagen trappa når toppen på Rørsethornet ein gong etter koronapandemien, vil totalprisen for Midsundtrappene runde 30 millionar kroner.

Preikestolen er allereie verdsberømt, og på mange globetrottarar si «bucketlist» (liste over noko du skal ha fått sett eller gjort i livet) på linje med Eiffeltårnet og pyramidane i Egypt. Berre i januar og februar 2020 hadde Preikestolen besøk av menneske frå 70 ulike nasjonar. Det interessante er at Helge Kjellervold, dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen « ikke tror steintrappene har økt verdiskapingen i området» (Fjell og vidde nr.3 2020) .

Så kva skal vi satse på i Sunndal? Vi har jo også ein storslagen natur, og vi ønskjer å tene pengar på turisme. Ei sherpatrapp opp langs Vinnufossen kunne sikkert blitt ein attraksjon, men til kva for ein pris? Kor mange millionar kroner skal ein bruke på å byggje i naturen for å tilretteleggje for fotturisme? Ei sak er å byggje trapp der naturen er nedslitt og ein vil unngå eit breitt felt med stiar, som opp til Ulriken i Bergen, noko ganske anna er det å byggje i ei bratt fjellside som ikkje allereie har ferdsel. No er det jo sti eit stykke opp langs Vinnu (forresten ein utruleg vakker liten tur!), og ein viss slitasje allereie, så denne biten kan ein kanskje prøve å beskytte etter kvart. Elles er det jo det å seie at vi har svært mange flotte, både bratte og slakare, turar i og svært nær Sunndalsøra sentrum. Og frå fleire av dei har ein nydeleg utsikt til Vinnufossen. Høge fjell, vakre dalar, fossar og fiskemoglegheiter kan Sunndal tilby turistar som ønskjer å besøke oss. Kanskje kan vi gjere enda meir ut av det som vi allereie har? At Sunndal kommune i desse tider skal bruke mykje pengar, i første omgang 2,7 millionar, på ei storstilt Vinnutrapp meiner vi blir feil.

Som eit lite apropos til slutt. I tillegg til vill og vakker natur, har Sunndal eit stykke kultur som har gjort oss kjent langt ut over kommunegrensene, nemleg musikkspelet om Barbara Arbuthnott. Sidan urpremieren i 1996 har stykket markert seg som eit av dei beste «spela» i Norge, og i løpet av juni kvart år, bortsett frå det inneverande, har både hotellet, utelivet og handelsstanden hatt stor glede av dei mange tilreisande. I økonomisk tronge tider meiner vi det er klokare å bruke etter forholda både beskjedne pengesummar og kommunal arbeidskraft på dette «reiselivsproduktet» enn på ei sherpatrapp.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken