God jul til alle i Tingvoll

Av
Tingvoll kirke. (Arkivfoto)

Tingvoll kirke. (Arkivfoto)

DEL

MeningerVi ønskjer å senda ei julehelsing til alle  innbyggjarane i økokommunen Tingvoll.  Ei lita påminning om året som har gått, om noko av det som kommunens 320 medarbeidarar og politisk leiing har jobba med i 2016.

2016 er reformåret – kommunereform, regionreform, politireform, reformer i forskningsverda, reformer i helsevesenet. I år vedtok kommunestyret i Tingvoll at vi vil vera eigen kommune, og at vi rår til at Møre og Romsdal fylke skal oppretthaldast som eigen region. Dette skal Stortinget avgjera våren 2017. I politireformen vann Tingvoll fram med å få oppretthalda Tingvoll lensmannskontor – ei sak som ordføraren har vore svært aktiv i. Avgjerda vert tatt av politdirektoratet våren 2017.

I 2016 er konseptrapporten for det nye fellessjukehuset (SNR) klar. Frå Tingvoll og Nordmøre har vi jobba mykje med senter for helseinnovasjon, DMS og for dagkirurgi i Kristiansund. I juni fekk vi 12 mill i revidert statsbudsjett til dette nyskapande arbeidet. Alle desse sakene viser at vi må arbeide hardt for det vi ønskjer å oppnå, og vi ser at det nyttar! Sakene vi engasjerer oss i gje resultat som styrkar vårt lokalsamfunn i Tingvoll og på Nordmøre.

Og har de merka dykk gladnyheten i september om at fylkesrådmannen tilrår bygging av ny videregående skole på Tingvoll? Planarbeidet er i full gang!

Og bygginga av ny RV 70 Tingvoll – Meisingset startar no.

På alle skulane i kommunen er det igangsett eit viktig  arbeid med betre læringsmiljø og systematisk arbeid  mot mobbing. Her deltek vi i eit nasjonalt prosjekt. Skulane deltek i regionale nettverk for utvikling av kvalitet og vi ser det igjen i klasseromma.

I behandling- og rehabilitering er det starta opp arbeid med kvardagsrehabilitering, og i heildøgnstenester er det starta opp eit stort arbeid med nye turnusløysingar med langvakter på helg, og sjukepleiarkompetanse som går «oppå» ordinær turnus kveld og helg. Dette blir iverksett i februar 2017.

Og i 2016 foregår all pasientbehandling i kommunehelsetenesta i eigen kommune. Fagkompetanse vert brukt på nye måtar.

Og huskar du at:

Vi arrangerte vår første folkehelsedag i 2016 og skaffa nasjonale midlar til frivilligsentral.

At nytt Rimstadkryss snart er ferdig, og at EPC kontrakter er iverksett. Det fører til at vi sparer 20 % av energiutgiftene våre.

Reguleringsplanar er under arbeid på Økoparken/ prestegarden og Einset Nord.

Bittelitteraturhuset er inni ordinær kommunal drift og det er henta inn ekstern finansiering til nye forelesningsrekker våren 2017.

Vi har tatt i bruk nye digitale løysingar med håndholdte terminaler ute i heimebaserte tenester.

Vi buset fleire flyktningar og vi har tatt imot fleire familiar dette året. Innvandring fører til at vi har folketalsauke i Tingvoll.

Vi har eit av NAV kontora i fylket med best resultat i 2016.

Barnehagane våre jobbar systematisk med å redusere sjukefråværet og ser gode resultat av dette. Og dette er berre litt av alt som Tingvoll kommune jobbar med.

Tingvoll kommune takkar for samarbeidet med næringslivet, kompetansemiljøa og frivillige lag- og organisasjonar i 2016. Saman skapar vi gode levekår i vår kommune.

 No nermar jula seg. Vi håpar de fyller den med høgtid og fred, med familie og vener, med kvile og glede. Og vi har nye innbyggjarar i samfunnet vårt som treng at vi inkluderer.

Vi ønskjer alle ei god og fredleg jul i Tingvoll!

Artikkeltags